Bachelorprosjekt i kjemi

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Målet med kurset er å gje studenten erfaring med vitskapelig arbeid, i form av planlegging, gjennomføring og munnleg og skriftleg presentasjon av resultat frå eit vitskapeleg prosjekt. Emnet inkluderer HMS II-kurs. Vidare vil studentane definere ei avgrensa teoretisk eller praktisk forskingsoppgåve i samarbeid med interne eller eksterne rettleiarar, gjennomføre arbeidet og presentere det munnleg i grupper og i ein skriftleg individuell rapport/oppgåve.

Læringsutbyte

 Etter fullført emne KJEM299 skal studenten kunne:

  • Orientere seg i skriftlege kjelder for kjemisk vitskapelig litteratur
  • Planlegge og gjennomføre eit avgrensa prosjekt
  • Presentere vitskapelege resultat skriftleg og munnleg

 

Undervisningssemester

Vår.
Emnet har eit avgrensa tal plassar og inngår i undervisningsopptaket. Meir info: www.uib.no/matnat/utdanning/studiehverdag/undervisningsopptaket

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller opptakskravet. Emnet er ope kun for studentar med opptak på Bachelorprogram i kjemi.
Arbeids- og undervisningsformer

Førelesingar: Kurset vert undervist i bolkar .

Prosjektarbeid: 6 veker (studentane arbeider normalt i grupper på 2-3 studentar, alternativt kan ein arbeida aleine).

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er krav om minimum 80 % deltaking i undervisninga på innleiingsdelen. Munnleg framføring av prosjektet.

 Obligatorisk deltaking i undervisninga i innleiingsdelen er gyldig i 2 påfylgjande semester.

Individuell skriftleg oppgåve. Kvar student vert vurdert individuelt. Deltakarar på same gruppe kan gis ulike karakter basert på den skriftlege innleverte oppgåva.

 

Vurderingsformer
Individuell skriftleg oppgåve. Kvar student vert vurdert individuelt. Deltakarar på same gruppe kan gis ulike karakterar basert på den skriftlege innleverte oppgåva.
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalen A-F nytta.
Vurderingssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester.
Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Oversikt over tidlegare emneevalueringar:
kvalitetsbasen.app.uib.no/?faknr=12&instnr=31