Eksperimentelle teknikkar i fysikalsk kjemi
- Studiepoeng10
- UndervisingssemesterVår
- EmnekodeKJEM319
- Talet på semester1
- SpråkEngelsk
- Ressursar
Undervisningssemester
Vår, undervises ved behov. Emnet inngår i undervisningsopptaket. Meir info: http://www.uib.no/matnat/utdanning/studiehverdag/undervisningsopptaket
Undervisningsstad
Bergen
Mål og innhald
I KJEM319 vert eit utval av instrument som er sentrale innan fysikalsk kjemi (særleg innanfor overflate- og kolloidkjemi og tilstøytande nanokjemi) introdusert. Ein kortfatta teoretisk bakgrunn for prinsippa bak instrumenta vil bli gitt. Laboratorieøvingane der praktisk bruk av instrumenta blir grundig gjennomgått, utgjer hovudinnhaldet i kurset. Bruk av internettbaserte verktøy for innhenting av informasjon blir også behandla. Eit prosjekt der dei innlærte teknikkar skal brukast for å belyse problemstillinga inngår også i kurset.
Læringsutbyte
Etter fullført emne KJEM319 skal studenten kunne:
- identifisere problemstillingar som kan belysast ved hjelp av dei utvalde instrumenta.
- planleggje og utføre eksperiment på dei utvalde instrumenta på sjølvstendig grunnlag.
- presentere og tolke data frå dei utvalde instrumenta.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
K319: 3stp
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til eit masterprogram/Ph.d-utdanninga ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Forelesingar, laboratorieøvingar m/rapporter, prosjektoppgåve, bibliotek.
Godkjend HMS II-kurs (vidaregåande HMS-kurs). Dersom du ikkje har godkjend HMS II-kurs ved Kjemisk institutt, UiB frå tidlegare, må kurset takast same semester i forkant av undervisninga. Meir om HMS II-kurset på adresse: http://www.uib.no/kj/utdanning/obligatorisk-hms-kurs
Vurderingsformer
Godkjend alle obligatoriske deler. Bestått/Ikkje bestått
Utfyllande eksamensregler:
1. Alle deler av kurset er obligatoriske. Kurset bedømmast som bestått når obligatorisk undervisning har blitt følgt, og alle rapporter frå laboratorieøvingar samt prosjektoppgåve har blitt godkjend.
2. Studentar som har følgt obligatorisk undervisning kan utføre laboratorieøvingar og prosjektoppgåve i 5 påfølgande semester under føresetnad at undervisninga dekker dei metodar og teknikkar som skal nyttast. Dvs at eventuell ny instrumentering ikkje nødvendigvis kan nyttast av studenten.
3. Prosjektoppgåva utførast etter at alle laboratorieøvingane er godkjende.
4. I semester med undervisning kan studentar med godkjende deler frå tidlegare få fritak for desse i 5 påfølgande semester. Dette forutset at tidlegare moteke undervisning fortsatt er relevant for dei øvingar og prosjektoppgåve som gjenstår
5. I semester utan undervisning vil det for studentar som har følgt obligatorisk undervisning kunne vere anledning til å utføre laboratorieøvingar og prosjektoppgåve etter avtale med emneansvarlig.
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert bestått/ikkje bestått nytta.
Vurderingssemester
Det er ordinær eksamen kun semesteret emnet vert undervist og det påfølgende semesteret.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Oversikt over tidlegare emneevalueringar:
https://kvalitetsbasen.app.uib.no/?faknr=12&instnr=31
Kontakt
Kontaktinformasjon
Forelesar og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt ev studiekonsulenten på instituttet.
Eksamensinformasjon
Vurderingsordning: Godkjend oppgåve
- Trekkfrist
- 01.05.2021