Hjem
Utdanning
Masteremne

Fotokjemi

Undervisningssemester

Vår. Undervisast etter behov. Emnet inngår i undervisningsopptaket. Meir info: http://www.uib.no/matnat/utdanning/studiehverdag/undervisningsopptaket

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Det teoretiske grunnlaget for fotokjemien vert drøfta basert på lysets eigenskapar og bindingsforholda hos molekyler. Vidare blir det gitt ei oversikt over dei viktigaste typane av fotokjemiske reaksjonar med vekt på reaksjonsmekanismar og syntetisk bruk. Reaksjonanes følsemd overfor steriske og konformasjonelle forhold blir vektlagt.

Læringsutbyte

Etter fullført emne KJEM331 skal studenten kunne:

  • gjera greie for kva som skjer når organiske sambindingar blir eksiterte av lys.
  • diskutera dei viktigaste fotokjemiske reaksjonane for organiske sambindingar.
  • skissera hovudtrekka i reaksjonsmekanismane for dei viktigaste fotokjemiske reaksjonane.
  • gjera greie for reaktorar og anna utstyr som blir brukte for å utføra fotokjemiske reaksjonar.
  • bruka relevante omgrep og fagterminologi på ein presis måte.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

KJEM110, KJEM130. KJEM231 er ein fordel

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til eit masterprogram/Ph.d-utdanninga ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav

Vurderingsformer

Munnleg eksamen.

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Fagleg overlapp

K331: 10 stp

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kun semesteret emnet vert undervist og det påfølgende semesteret.

Emneevaluering

 Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Oversikt over tidlegare emneevalueringar:
https://kvalitetsbasen.app.uib.no/?faknr=12&instnr=31

Kontakt

Kontaktinformasjon

Forelesar og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt ev studiekonsulenten på instituttet.

Eksamensinformasjon