Hjem
Studentsider
Masteremne

Kvantitativ organisk analyse

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeKJEM350
  • Talet på semester1
  • SpråkEngelsk. Norsk om kun norskspråklege studentar deltek
  • Ressursar

Hovedinnhold

Undervisningssemester

Vår

Mål og innhald

Kurset skal gje innsikt i dei vanlegaste metodikkane for kvantitative analysar av organiskesambindingar slik dei vert nytta innan felt som medisinsk forsking, i industrien, og til miljø- og matanalysar.

Teorien bak massespektrometri og analytiske separasjonsmetodar som kromatografi og elektroforese vert forklart. I tillegg vert det synt korleis forskjellege teknikkar vert kopla for å oppnå tilstrekkeleg selektivitet ved analyse av komplekse blandingar. Kurset gjer også øving i nytte av kromatografisk og massespektrometrisk utstyr.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • forstår dei grunnleggjande prinsippa for kromatografi og elektroforese.
  • har kunnskap om kromatografiske separasjonsmetodar, som reversfase, normalfase, ionekromatografi og gasskromatografi
  • kjenner virkemåten til moderne kromatografisk utstyr.
  • kjenner virkemåten til dei vanlegaste ioniseringsteknikkane i massespektrometri.
  • kjenner virkemåten til moderne massespektrometrisk utstyr.
  • forstår korleis koblede teknikker og tandem massespektrometri vert nytta for å auke selektivitet.

Ferdigheiter

Studenten

  • kan velje egna separasjonsprinsipp for gitte analyttar og prøvetypar.
  • kan vurdere kvaliteten av ein kromatografisk separasjon og foreslå tiltak for å betre den.
  • kan velje egna massespektrometriske vilkår for gitte analyttar og prøvetypar.

Generell kompetanse

Studenten

  • kan nytte strategiar for optimalisering.
  • kan konkretisere og verifisere teoretisk kunnskap ved hjelp av eksperiment

Krav til forkunnskapar

KJEM110

Tilrådde forkunnskapar

KJEM250, KJEM130, PHYS101 eller PHYS102

Studiepoengsreduksjon

KJEM230: 5 stp, KJEM233: 5 stp, KJEM333: 5 stp

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om at du har ein studierett knytt til eit masterprogram ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet eller ph.d.-utdanninga.

http://www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetet

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga gis i form av førelesningar, laboratoriegrupper. seminar, ekskursjon osb.

  • Forelesninger/oppgavegjennomgang, 4 timer per uke
  • Ca 6 laboratorie/dataøvelser (1 dag per øvelse)
  • Føring av obligatoriske laboratorierapporter
  • Selvstudium

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Laboratorieøvelser og obligatoriske innleveringer. Karakteren i godkjenning av analyseresultater på lab og føring av labjornaler er gyldig i 5 påfølgande semester.

Godkjend HMS-kurs. Dersom du ikkje har godkjend HMS-kurs ved Kjemisk institutt, UiB frå tidlegare, må kurset takast same semester i forkant av undervisninga. Meir om HMS-kurset på adresse: http://www.uib.no/kj/utdanning/obligatorisk-hms-kurs

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsform:

  • Digital skriftleg eksamen (4 timer)

Hjelpemiddel til eksamen

Enkel kalkulator tillatt, i samsvar med modeller angitt i fakultetets reglar

Karakterskala

Ved sensur vert karakterskalaen A-F nytta.

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester. I semesteret utan undervisning er eksamen tidleg i semesteret.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Emneansvarleg

Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB.

Administrativt ansvarleg

Det matematisk naturvitskapelege fakultet v/ Kjemisk institutt har det administrative ansvaret for

emnet.

Kontakt

Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB.

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skriftlig eksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Skriftleg skuleeksamen

    Dato
    27.09.2021, 09:00
    Varigheit
    4 timer
    Trekkfrist
    13.09.2021
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen