NMR-spektroskopi
- Studiepoeng10
- UndervisingssemesterHaust
- EmnekodeKJEM351
- Talet på semester1
- SpråkEngelsk
- Ressursar
Hovedinnhold
Undervisningssemester
Haust. Emnet har eit avgrensa tal plassar og inngår i undervisningsopptaket. Meir info: http://www.uib.no/matnat/utdanning/studiehverdag/undervisningsopptaket
Masterstudentar har fyrsteprioritet på emnet.
Undervisningsstad
Bergen
Mål og innhald
Kurset gjev ei enkel innføring i grunnleggande NMR-teori, ei grundig innføring i praktisk moderne puls/FT NMR-spektroskopi for væskefase. Oppsett og gjennomføring av ei rekke standard 1- og 2-dimensjonale eksperimenter blir gjennomgått i praktiske øvingar på eit moderne NMR-laboratorium. For dei 2-dimensjonale NMR-eksperimenta nyttar ein homonukleære og heteronukleære skalare koplingar eller homonukleære dipolare koplingar. Teorien for dei tilhøyrande pulssekvensane vil også bli gjennomgått.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar:
- Har kunnskap om og kan definere og forklare sentrale omgrep, teoriar, problemstillingar og modellar som vert anvendt i grunnleggjande NMR-teori.
Ferdigheitar
- Kan oppdatere sin kunnskap innan NMR.
- Kan ta opp analysere og eksperimentelle NMR-data. Kunne analysere NMR-pulssekvensar ved bruk av grunnleggjande NMR-teori.
- Beherskar relevante faglege verktøy og teknikkar innan dataopptak og tolking av NMR-spektre.
- gjennomfører grunnleggjande 1- og 2-dimensjonale proton og karbon eksperiment på eit standard NMR-spektrometer.
- Tolke 1- og 2-dimensjonale NMR-spektre av enkle organiske sambindingar.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
KJEM230. Forkunnskapar i kvantemekanikk er nyttige.
Studiepoengsreduksjon
K304: 10 stp
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga gis i form av førelesningar, laboratoriekurs og kollokvier
Forelesningar: 4 timer pr veke i X veker
Labkurs: 6 timer pr veke i 6 veker
Kollokvier: 2 t per veke i X veker
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Obligatorisk informasjonsmøte ved semesterstart. Deltaking på 5 av 7 kollokvier.
Laboratoriekurs. Obligatoriske aktivitetar er gyldige i 5 påfølgande semester.
Obligatoriske innleveringar må leverast innan fastsette fristar for å få obligatoriske aktivitetar godkjende og for å få tilgang til avsluttande eksamen i emnet.
Godkjend HMS II-kurs (vidaregåande HMS-kurs). Dersom du ikkje har godkjend HMS II-kurs ved Kjemisk institutt, UiB frå tidlegare, må kurset takast same semester i forkant av undervisninga. Meir om HMS II-kurset på adresse: http://www.uib.no/kj/utdanning/obligatorisk-hms-kurs
Vurderingsformer
Skriftleg eksamen (4t). Dersom 4 eller færre oppmeldte kan det bli munnleg eksamen.
Hjelpemiddel til eksamen
Enkel kalkulator i samsvar med modell oppført i fakultetets reglar
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Vurderingssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Oversikt over tidlegare emneevalueringar:
https://kvalitetsbasen.app.uib.no/?faknr=12&instnr=31
Kontakt
Forelesar og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt ev studiekonsulenten på instituttet.
Eksamensinformasjon
Klokkeslett for oppstart av skriftlig eksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen.
Vurderingsordning: Skriftleg skuleeksamen
- Dato
- 21.11.2022, 09:00
- Varigheit
- 4 timer
- Eksamenssystem
- Inspera
- Digital eksamen
Vurderingsordning: Munnleg eksamen