Kjemididaktikk

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet tek opp kjemien sin eigenart samanlikna med dei andre realfaga og kva konsekvensar han medføra for elevane sin læring. Vi ser på eksemplar for korleis kjemisk tenking har utvikla seg og korleis dette kan brukast i undervisninga. Emnet drøftar ulike arbeidsformar som til dømes presentasjon av fagstoff, forsøk, diskusjonar i heilklasse eller i gruppa, bruk av modeller og modellering og oppgåveløysing. Bruk av læreplanen og læremidlar for planlegging av undervisninga og ulike vurderingsformar blir diskutert.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • har brei kunnskap om korleis tenking i kjemi har utvikla seg
  • har avansert innsikt i ulike måtar å fremje elevaktiv læring på

 

Ferdigheiter

Studenten

  • kan analysere kompetansemål i læreplanen og omsetje læreplanmål til undervisningsopplegg
  • kan anvende sentrale taksonomiar og prinsipp for summativ og formativ vurdering tilpassa kompetansemål og elevgruppa

 

Generell kompetanse

Studenten

  • kan drøfte sentrale utfordringar i kjemiundervisninga med kollegaer og bidra til fagdidaktisk utvikling
  • kan analysere egen og andres undervisning og grunngi val av ulike metodar

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor/master

Undervisningssemester

Haust og vår. Emnet går over to semester, 10 sp haust og 5 sp vår. Oppstart kun om hausten.

 

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Emnet skal normalt tas parallelt med langpraksis i lektorprogrammet i 7. og 8. semester. For å kunne starte langpraksis må man ha bestått minimum 150 sp blant emnar som inngår i programmet, der minimum 20 sp må være fagdidaktikk/ pedagogikk.
Tilrådde forkunnskapar
NATDID210 og minst 40 sp i kjemiemnar
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om studierett på lektorprogrammet ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet
Arbeids- og undervisningsformer
40 timar (forelesing og seminar)
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Åtte obligatoriske oppgåver (skriftlege og munnlege) knytt til skulepraksis eller forelesingstema

(Gyldig i fire semester; inneverande og tre påfølgjande)

For å kunne ta eksamen i KJEMDID220 må normalt emnet praksis være bestått.

Vurderingsformer
Muntlig eksamen (andre semester).
Karakterskala
Ved sensur vert karakterskalaen A-F nytta
Vurderingssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Lærarutdanningsutvalet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet.
Emneansvarleg
Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB.
Administrativt ansvarleg
Det matematisk naturvitskapelege fakultet v/ Kjemisk institutt har det administrative ansvaret for emnet.
Institutt
Kjemisk institutt