Klimaforteljingar
- Studiepoeng5
- UndervisingssemesterVår, Haust
- EmnekodeKLIMA200
- Talet på semester1
- SpråkNorsk
- Ressursar
Hovedinnhold
Studiepoeng, omfang
5 studiepoeng
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor
Fulltid/deltid
Ikkje relevantUndervisningssemester
Høst og/eller vår.
Emnet vert tilbydd om ressurssituasjonen tillèt det.
Undervisningsstad
Bergen
Mål og innhald
Klimaendringane er ei av dei største samfunnsutfordringane i vår tid. Frå å vere eit fysisk fenomen, må klimaendringane i dag òg forståast som eit sosialt, politisk, etisk og kulturelt fenomen. Derfor er det viktig å belyse klimautfordringane frå mange ulike disiplinar og perspektiv, inkludert humanistiske. Emnet KLIMA200 har som mål å gje innsikt i humanistiske og tverrfaglege tilnærmingar til klimaspørsmåla.
Formålet med emnet er å reflektere rundt formidling av klimaspørsmål gjennom ulike diskursar og korleis ein kan tolke desse forteljingane. Studentane vil studere teksteksempel frå til dømes naturvitskap, skjønnlitteratur, media og politikk. Sentrale spørsmål vil vere språket si rolle i klimadiskursen og korleis forteljingar kan auke forståinga vår av klimautfordringane. Emnet vil i tillegg gje ei innføring i sentrale omgrep som diskurs og forteljing, og gje innblikk i nokre utvalde tekstar knytte til dømes til humanistisk miljøforsking og økokritikk.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten
- skal kjenne til ulike forteljingar om klima frå ulike felt
- skal kunne gjere greie for nokre sentrale problemstillingar og tilnærmingar i den humanistiske klimaforskinga
Ferdigheiter
Studenten
- kan presentere, drøfte og analysere ulike forteljingar om klima i lys av teori og relevante metodiske tilnærmingar
- kan bruke kunnskapen frå emnet til å utvikle fagleg funderte problemstillingar knytte til klimaforteljingar
Generell kompetanse
Studenten
- kan forstå korleis klimaspørsmål blir formidla gjennom forteljingar
- er i stand til å identifisere klimaforteljingar og vurdere deira oppbygging og hensikt i ulike samanhengar
Krav til forkunnskapar
Ingen formelle krav, sjå tilrådde forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Det er tilrådd å ha minimum 60 studiepoeng før oppmelding til emnet.
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer
Det blir normalt gitt to timar førelesing/seminar i veka i elleve til tolv veker. Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ein munnleg presentasjon på 10-15 min.
Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og semesteret etter.
Vurderingsformer
3-dagars heimeeksamen med eit omfang på 2000 ord.
Hjelpemiddel til eksamen
Ved heimeeksamen er alle hjelpemiddel tillatne.
Karakterskala
Det blir nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Vurderingssemester er haust og/eller vår. Der er òg vurdering tidleg i det påfølgjande semesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06 for haustsemesteret og 01.12 for vårsemesteret.
Emneevaluering
Emneevalueringar blir gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Institutt for framandspråk
Emneansvarleg
Institutt for framandspråk
Administrativt ansvarleg
Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.
Kontakt
Studierettleiar:
Eksamensinformasjon
Vurderingsordning: Heimeeksamen
- Oppgave utleveres
- 02.05.2023, 13:00
- Innleveringsfrist
- 05.05.2023, 13:00
- Trekkfrist
- 18.04.2023
- Eksamenssystem
- Inspera
- Digital eksamen