Hjem
Utdanning
Årsstudium

Pedagogikk 1

  • Studiepoeng15
  • UndervisingssemesterHaust
  • EmnekodeKMDPED201
  • Talet på semester2
  • SpråkNorsk
  • Ressursar

Studiepoeng, omfang

Emnet har eit omfang på 15 studiepoeng og er normert til to semesters fulltidsstudium.

Studienivå (studiesyklus)

Årsstudium

Fulltid/deltid

Fulltid/deltid

Undervisningssemester

Haust og vår

Mål og innhald

Mål

Emnet har som mål å gje studentane kunnskap om barn og unge i utvikling og læring, allment og i høve til tilpassa opplæring, med særleg fokus på kunstpedagogiske verksemder, i og utanfor skulen. Grunnleggande i emnet er kjennskap til og forståing for skulen som organisasjon og formelle rammer for utdanning i Noreg (aktuelle lov- og planverk og deira historikk). Pedagogikkemna gjev saman med dei fagdidaktiske emna studentane reiskapar for planlegging, gjennomføring og vurdering av undervisning. 

Innhald

Emnet tek opp tema som:

  • utvikling, læring og motivasjon
  • barne- og ungdomskultur
  • generell didaktikk
  • klasseleiing og læringsfellesskap
  • sosial kompetanse og kommunikasjon
  • tilpassa opplæring
  • skulen sitt samfunnsmandat
  • skulehistorie med særleg fokus på kunstfaga i skulen

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgande læringsutbyte:

Kunnskap

Studenten..

  • har god kunnskap om barn og unge som lærande individ og deira utvikling, motivasjon og sosialisering
  • har god kunnskap om grunnprinsipp i god undervisningsplanlegging
  • har god kunnskap om didaktisk bruk av digitale læremiddel og verktøy, og utfordringar og vinstar kring dette
  • har god kunnskap om skulen sitt samfunnsmandat slik det er gitt i aktuelle lov- og planverk
  • har god kunnskap om overgrep mot barn og unge, om vanskelege livssituasjonar som barn og unge kan komme i, samt kjennskap til hjelpeinstansar

Ferdigheiter

Studenten..

  • kan analysere og drøfte undervisningssituasjonar i lys av etablert kunnskap om eleven og skulen
  • kan analysere og drøfte utfordringar i læreplanar og andre styringsdokument og sjå dette i lys av skulen sitt danningsoppdrag
  • kan leie, motivere og vurdere elevar i fagleg arbeid, og skape eit trygt og inkluderande læringsfellesskap for alle elevar
  • kan planlegge undervisning med bruk av relevante arbeidsmetodar og tilpassa den einskilde elev sine læringsføresetnader
  • kan vurdere bruk av digitale verktøy i undervisninga, og utfordringar og moglegheiter knytt til dette

 

Generell kompetanse

Studenten..

  • er tydeleg på kva som er ansvaret og oppgåvene i skulen, og er i stand til å balansere dette
  • har ei profesjonell haldning og kan kunnskapsbasert og kritisk reflektere over spørsmål som gjeld elevane si læring og utvikling
  • kan med stor grad av sjølvstende identifisere, problematisere, vidareutvikle og kommunisere kunnskap innanfor lærarprofesjonen

Krav til studierett

Studierett på Praktisk-pedagogisk utdanning i kunst, musikk og design.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga vert gitt i form av forelesingar, seminarundervisning, gruppearbeid og diskusjonar og presentasjonar ¿ både individuelt og i gruppe.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

All undervisning er obligatorisk. Fråvær på meir enn 20% fører normalt til tap av eksamensrett.

Emnet har to obligatoriske arbeidskrav:

  • munnleg framstilling av aktuell pensumlitteratur eller annan relevant tematikk i klassen (haustsemesteret, avtala med emneansvarleg)
  • skriftlig innlevering av gruppearbeid basert på aktuell pensumlitteratur eller annan relevant tematikk (haustsemesteret, avtala med emneansvarleg)

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgande vurderingsformer:

  • praksisrefleksjonsoppgåve på 2500-3000 ord som skal leverast i 2. semester (vår). Problemstilling og tematikk skal reflektera innhaldet i emnet og godkjennast av rettleiar.

Intern sensur med minst to sensorar.

Karakterskala

«Bestått» / «ikkje bestått»

Vurderingssemester

Vår

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Undervisninga vert evaluert i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for det faglege innhaldet og oppbygginga av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Administrativt ansvarleg

Fakultet for kunst, musikk, design ved Griegakademiet ¿ Institutt for musikk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her: studieveileder@kmd.uib.no

studieveileder@kmd.uib.no