Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Koptisk

  • Studiepoeng15
  • UndervisingssemesterHaust
  • EmnekodeKOP101
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk og/eller engelsk.
  • Ressursar

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor/Master

Undervisningssemester

Haust (annakvart år f.o.m. 2008)

NB. Emnet tilbys ikke hver høst

Undervisningsstad

Ved Det humanistiske fakultet, UiB.

Mål og innhald

Emnet gir ei innføring i sahidisk grammatikk og øving i å lesa sahidiske tekster.

Studenten skal gjennom studiet bli i stand til å lesa og omsetja sahidisk-koptiske tekster av enkel til middels vanskegrad med hjelp av ordbok.

Kop101 kan bytast ut med eit anna religionsemne på 200- eller 300-nivå.

Læringsutbyte

  • Kunnskapar

Studenten skal gjennom studiet tileigne seg grunnleggjande kunnskap om sahidisk formlære, syntaks og vokabular.
Studenten skal óg ha noko kjennskap til den religiøse litteraturen som er overlevert på koptisk.

  • Ferdigheiter

Studenten skal kunna
- lese og omsetja sahidiske tekster av enkel og middels vanskegrad
- identifisera dei grammatiske formene ein støyter på i tekstene.

  • Generell kompetanse

Studenten skal kunna utvikle vidare dei kunnskapane og ferdigheitene som er oppnådde i studiet til bruk i sjølvstendig arbeid med koptiske kjeldetekster på ulike dialektar.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Kunnskap i klassisk gresk er ein fordel, men ikkje eit vilkår for å tileigna seg emnet.

Krav til studierett

Emnet er opent for alle studentar med studierett ved Universitetet i Bergen. Som ein del av RELV302 eller RELV303 fordrast opptak til eit masterstudium.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisning skjer i form av førelesingar og leseøvingar og har eit omfang på ca. 12 dobbeltimar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ingen

Vurderingsformer

Eksamen har form av ei munnleg prøve, der studenten skal omsetja og språkleg gjera greie for ei tekst frå tekstpensum.

Eksamen er open for studentar utan studierett etter søknad til Utdanningsavdelinga.

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Litteraturliste

Pensum utarbeidast av instituttet og omfattar ein elementær lærebok i sahidisk koptisk og eit tekstpensum på ca. 15 sider. Undervisning og eksamen byggjer på denne litteraturen.

Emneevaluering

I samband med instituttet sitt kontinuerlige arbeid for å betre studiet blir det stadig organisert studentevaluering av studieopplegg og undervisning, med tilbakemelding til studentane. Evalueringsresultata vil ligge til grunn for revisjonar av studieplanane, pensum og studie-/undervisningsopplegga.

Kontakt

Kontaktinformasjon

studieveileder@ahkr.uib.no