Hjem
Studentsider
Årsstudium

Skulen og lærarrolla i praksis

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

Ingen studiepoeng. 

Studienivå (studiesyklus)

Integrert masterprogram

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Praksisskular og temaseminar på UiB/i skulen. For- og etterarbeid ved UiB.

Mål og innhald

Emnet skal gi erfaring med undervisning sett frå læraren sitt perspektiv med både klasserommet og kollegiet som kontekst. Studentane skal observere undervisning aktivt og følgje ei/n lærar i hennar/hans arbeidskvardag.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar:

studenten har

  • kunnskap om kva undervisning i skulen inneber
  • har kjennskap til læraren sine ulike roller og ansvarsoppgåver og korleis ulike situasjonar og rammevilkår påverkar utøvinga av lærarrolla

Ferdigheter:

Studenten kan:

  • kan kommunisere med elevar og lærarkollegaer
  • kan reflektere over kompleksiteten i lærarrolla
  • kan bruke observasjon som metode i ulike settingar i skulen
  • kan føre observasjonsnotat og logg til bruk i eige utviklingsarbeid

Generell kompetanse:

Studenten kan:

  • kan møte elevar og framtidige kollegaer med ei open og interessert haldning
  • kan reflektere over utfordringar knytt til undervisning i lys av praktiske døme

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

Ein må ha studierett på eit av UiB sine lektorutdanningsprogram.

Arbeids- og undervisningsformer

  • Praksis vert gjennomført både på campus og ved ein praksisskule.
  • MN-studentar: Totalt 7 praksisdagar. I skulen: 5 dagar. Forarabeid: 1 dag. Etterarbeid: 1 dag
  • HF-studentar: Totalt 12 praksisdagar. I skulen: 8 dagar. Forarbeid: 1 dag. Etterarbeid: 1 dag. Temaseminar: 2 dagar
  • SV-studentar: Totalt 12 praksisdagar. I skulen: 8 dagar. Forarbeid: 1 dag. Etterarbeid: 1 dag. Temaseminar: 2 dagar

Obligatorisk undervisningsaktivitet

  • 100 % oppmøte i praksis. Sjå arbeids- og undervisningsformer, over.
  • Aktiv deltaking i heile praksisperioden, gjennom direkte kommunikasjon med både elevar og lærer-kollegaer.
  • Studentane skal utarbeide ein rapport som byggjer på observasjonane som er gjort i praksis med tilhørande analytiske og metodiske refleksjonar og legge disse frem munnleg for medstudentar i etterarbeidet.
  • Loggføring for alle praksisdagar.
  • Obligatoriske arbeidskrav i KOPRA101 er berre gyldige i eit semester.

Vurderingsformer

Praksis

Vurdering av deltaking i praksis vert gjort av rettleiar i skulen.

Vurdering av studenten sin faglege refleksjon over erfaringar frå praksis vert gjort av pedagogar ved UiB.

Karakteren vert fastsett på grunnlag av ei samla vurdering av punkta over.

Hjelpemiddel til eksamen

.

Karakterskala

Greidd/ikkje greidd

Vurderingssemester

Haust

Litteraturliste

Emneevaluering

Emnet blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

.

Emneansvarleg

.

Administrativt ansvarleg

Lektorsenteret

Kontakt

Kontakt administrasjonen på lektorpraksis@uib.no

Eksamensinformasjon