Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Kunst og kultur i antikken, Bysants og tidleg mellomalder

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

15 studiepoeng.

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor.

Undervisningssemester

Vår.

Undervisningsstad

Bergen.

Mål og innhald

Emnet har som mål å gi ei generell oversikt over kunst, arkitektur og visuell kultur frå antikken til tidleg mellomalder. Innan antikken vil tyngdepunktet ligge på gresk kultur i arkaisk, klassisk og hellenistisk tid, dessutan romersk, seinantikk og tidleg kristen kultur. Innan mellomalderen er tyngdepunktet tidleg mellomalder i Italia, og dessutan bysantinsk kunst (326-1453). Tekniske, ikonografiske, estetiske, religiøse, historiske og andre aspekt vil bli diskuterte. Teoretiske og metodiske spørsmål vil også bli tatte opp.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:

Kunnskap

Studenten

  • kan gjere greie for dei viktigaste tendensane innan eldre kunst, arkitektur og visuell og materiell kultur.
  • har brei kunnskap om sentrale tema og problemstillingar innan perioden
  • har kunnskap om fagområdets tradisjonar og metodar
  • har kjennskap til ny forsking innan periodens kunst

Ferdigheiter

Studenten

  • kan nytte kunsthistoriske metodar
  • kan analysere verk og monument frå antikken og den tidlege mellomalderen
  • kan vurdere og plassere verk i en kunsthistorisk kontekst
  • kan drøfte relevante faglege problemstillingar kritisk

Generell kompetanse

Studenten

  • kan formidle sentralt fagstoff
  • kan utføre oppgåver på sjølvstendig vis
  • kan oppdatere seg og tileigne seg ny kunnskap

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen.

Studiepoengsreduksjon

Det er full overlapping mellom KUN105 og KUN131 og delvis overlapping mellom KUN105 og KUN132. Studentar som kombinerer KUN105 med KUN131 får inga utteljing i nye studiepoeng. Studentar som kombinerer KUN105 med KUN132 får ikkje meir enn 10 studiepoeng utteljing.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga blir gitt som førelesingar og som seminar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er obligatorisk å svare på ein breiddetest midtvegs i semesteret.

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsform:

  • Ein sjudagars heimeeksamen; omfang 3500-4000 ord.

Hjelpemiddel til eksamen

-  

Karakterskala

Karakterskala A-F.

Vurderingssemester

Vår. Det er òg eksamen tidleg i haustsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 1. desember.

Emneevaluering

Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret for kunsthistorie.

Emneansvarleg

Fagmiljøet i kunsthistorie.

Administrativt ansvarleg

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium.

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Heimeeksamen

    Oppgave utleveres
    02.05.2022, 13:00
    Innleveringsfrist
    09.05.2022, 13:00
    Trekkfrist
    18.04.2022
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen