Kunst, arkitektur og visuell kultur 1750-1950

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet presenterer og drøfter sentrale verk og kulturelle og teoretiske omgrep knytte til kunst, arkitektur og visuell kultur i perioden 1750-1950. Sentrale tema er effekten framveksten av den moderne kunstinstitusjonen på 1700-talet, ny vitskap og teknologi, nye kunstteoretiske omgrep og kulturmøte og -kampar har i den visuelle kulturen. Ein ser såleis på fotografi og visuell populærkultur som kunsthistorisk fagområde. I biletkunsten tek ein føre seg den begynnande modernismen på 1800-talet og dei sjangeroverskridande avantgarde-praksisane først på 1900-talet. Arkitekturhistoria fokuserer på endringane ny teknologi, byutvikling og arkitektonisk praksis frå 1800-talets historisme til gjennombrotet av modernistisk ideologi etter 1900.

Kulturmøte både i Europa og mellom europeiske og ikkje-vestlege kulturar er eit aktuelt tema. Emnet gir ei oversikt, og utviklar også evne til å nærme seg kunst og visuell kultur som historiske dokument og estetiske objekt. Ein tek opp spørsmål knytt til tolking og historisk kontekstualisering, og ein tematiserer korleis kunst, arkitektur og andre visuelle ytringar kan ha bestemte retoriske siktemål og effektar.

Val av tematiske tyngdepunkt kan variere frå semester til semester.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:

Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om sentrale trekk og tendensar ved utviklinga av biletkunst, arkitektur og visuell kultur i tidsrommet 1750-1950
  • har kjennskap til teoretiske problemstillingar og forskingstradisjonar som er relevante i fagfeltet i perioden
  • har grunnleggjande føresetnader for å fordjupe seg sjølvstendig i estetiske uttrykk frå perioden 1750-1950

Ferdigheiter

Studenten

  • kan gjere greie for viktige kunstnarlege tendensar, visuelle uttrykk og teoretiske omgrep knytte til kunst, visuell kultur og arkitektur i perioden 1750-1950
  • kan analysere kunst, visuell kultur og arkitektur frå den aktuelle tidsperioden i relasjon til relevante historiske og politiske kontekstar, og med utgangspunkt i forskingslitteraturen på feltet
  • kan identifisere og presentere relevante kritiske og teoretiske posisjonar i faglitteraturen
  • kan vere fortruleg med og nytta fagterminologi og vitskapelege tilnærmingar i diskusjonar om kunst, visuell kultur og arkitektur frå perioden 1750-1950

Generell kompetanse

Studenten

  • kan formidle sentralt fagstoff frå fagfeltet kunst, visuell kultur og arkitektur frå perioden 1750-1950 munnleg og skriftleg
  • kan gjere greie for og aktivt nytte analytiske og teoretiske omgrep som står sentralt i fagfeltet
  • kan nærme seg feltet frå ein fagleg informert ståstad
  • kan ha etablert eit grunnlag for sjølvstendig arbeid med problemstillingar knytt til fagfeltet kunst, visuell kultur og arkitektur frå perioden 1750-1950

Studiepoeng, omfang

15 studiepoeng.

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor.

Undervisningssemester

Vår.

Undervisningsstad

Bergen.
Krav til forkunnskapar
Ingen.
Tilrådde forkunnskapar
Ingen.
Studiepoengsreduksjon
Det er full overlapping mellom KUN106 og KUN144 og KUN145. Studentar som kombinerer KUN106 med KUN144 og/eller KUN145 får inga utteljing i nye studiepoeng.
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga blir gitt som førelesingar og som seminar. Det blir normalt gitt seminarundervisning tilsvarande om lag 8 timar per gruppe. Dersom ressurssituasjonen tillèt det, kan seminarundervisninga bli utvida.

Det blir normalt gitt seminarundervisning tilsvarande om lag 8 timar per gruppe. Dersom ressurssituasjonen tillèt det, kan seminarundervisninga bli utvida.

Obligatorisk undervisningsaktivitet
Seminardeltaking er obligatorisk (75 %).
Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsform:

  • Ein 7-dagars heimeeksamen. Oppgåva skal vere på 3500-4000 ord.
Karakterskala
Karakterskala A-F.
Vurderingssemester
Vår. Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret. Ny eksamen påfølgande semester berre for studentar med rett til ny vurdering.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 1. desember.
Emneevaluering
Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ikkje relevant.
Programansvarleg
Programstyret for kunsthistorie
Emneansvarleg
Fagmiljøet i kunsthistorie.
Administrativt ansvarleg
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium