Kultur- og kunsthistorie i mellomalderen
- Studiepoeng15
- UndervisingssemesterVår
- EmnekodeKUN132
- Talet på semester1
- Språk Norsk
- Ressursar
Hovedinnhold
Studiepoeng, omfang
15
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor
Fulltid/deltid
Fulltid
Undervisningssemester
Vår
Undervisningsstad
Bergen
Mål og innhald
Undervisinga skal gje eit oversyn i kunst og visuell kultur frå tidleg- til sein-mellomalder i Europa, sett i ein brei kulturhistorisk og sosial kontekst.
Emnet omhandlar både bysantinsk kunst, arkitektur og visuell kultur, samt kunst, arkitektur og visuell kultur i sentrale delar av Vest-Europa med Noreg, frå tidleg mellomalder til og med seinmellomalderen. Ein vil sette konkrete verk inn i den historiske kontekst dei tilhøyrar, og diskutere dei ut frå historiske, kulturelle, estetiske, tekniske, ikonografiske, religiøse og teoretiske perspektiv. Ein vil legga vekt på ulike faglege og teoretiske perspektiv som til dømes visuelt-retoriske og syns-kulturelle perspektiv. Emnet vil òg problematisera historiske periode- og stilomgrep, og sjå på ulike historiske forståingar og teoriar om visuelle uttrykk og av kva eit bilete er.
Val av tematisk tyngde punkt kan variera frå semester til semester.
Læringsutbyte
Kunnskaper:
Kandidaten
- kjenner til sentrale trekk innan biletkunst, arkitektur og visuell kultur frå mellomalderen.
- kjenner til grunnlagsproblem innan kunst og visuell kultur i perioden.
- kjenner til visuell retorikk og syns-kultur som analytisk perspektiv på periodens kunst og visuelle kultur.
- har basiskunnskap om utviklinga av kunsthistoria som disiplin.
Ferdigheiter:
Kandidaten kan
- nytta kunsthistorisk metode til å analysere og reflektere over spørsmål kring eldre kunst og visuell kultur.
- vise geografisk tilhøyring og datering av ulike kunstverk frå perioden.
- nytta ei vitskapeleg tilnærming i drøftingar om mellomalderens visuelle kultur
- formidle kunnskapen sin munnleg og skriftleg for eit generelt publikum, på ein akademisk måte.
Generell kompetanse:
Kandidaten
- kan formidle sentralt fagleg stoff frå mellomalderens kunsthistorie både skriftleg og munnleg.
- kan utveksle eigne synspunkt og erfaringar med dei som har den same eller liknande faglege plattforma i høgare utdanning med liknande innføringsemne om mellomalderens kunst- og kulturhistorie.
- kan tenkje kritisk- analytisk om faglege spørsmål.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
KUN102: 15 stp og KUN 121 10 stp overlapp
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisinga blir gitt som førelesingar (normalt 12-14 dobbelttimer) og seminar.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan vere aktuelt vil studentane får informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
To kortare oppgåver, ei i byrjinga av semesteret og ei omkring midten av semesteret. Begge dei to kortoppgåvene må væra godkjende (godkjend/ikkje godkjend) for å få gå opp til eksamen.
Vurderingsformer
Sju dagars heimeeksamen med eit omfang på mellom 3500-4000 ord.
Hjelpemiddel til eksamen
Ikkje relevant
Karakterskala
A-F
Vurderingssemester
Vår. Det er òg eksamen tidleg i haustsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.
Litteraturliste
Litteraturlister finn du på uib.no under det einskilde emnet. Lista vil vere klar innan 01.06 / 01.12 for det komande semesteret.
Emneevaluering
Evaluering blir gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Programstyret for kunsthistorie.
Emneansvarleg
Fagmiljøet i kunsthistorie.
Administrativt ansvarleg
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium.
Kontakt
Eksamensinformasjon
Vurderingsordning: Heimeeksamen
- Oppgave utleveres
- 01.06.2021, 13:00
- Innleveringsfrist
- 08.06.2021, 13:00
- Trekkfrist
- 18.05.2021
- Eksamenssystem
- Inspera
- Digital eksamen