Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Kultur- og kunsthistorie i tidleg nytid (1400-1750)

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet skal formidle forståing for kunst, arkitektur og visuell kultur i tidleg nytid, sett i ein brei kulturhistorisk og sosial kontekst. Emnet har som mål å problematisere historiske periode- og stilomgrep, og sjå på ulike historiske forståingar og teoriar om kunst. Vi vil drøfte konkrete verk ut frå historiske, kulturelle, estetiske, tekniske, ikonografiske, religiøse og teoretiske perspektiv.

Nye visuelle teknologiar vil stå sentralt med tanke på framveksten av nye biletformer og synskulturar. Emnet vil konsentrere seg om kunsten i Europa og Noreg frå ca. 1400 fram til ca. 1750.

Val av tematiske tyngdepunkt kan variera frå semester til semester.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten:

  • kjenner til sentrale trekk innan biletkunst, arkitektur og visuell kultur frå framveksten av renessansen til og med 1750.
  • har grunnleggjande forståing av samspelet mellom kunst og vitskap med hovudvekt på utviklinga av visuelle og optiske teknologiar og teoriar.
  • kjennskap til grunnleggjande problem innan kunst og visuell kultur i perioden.
  • har basiskunnskap om utviklinga av kunsthistoria som disiplin.

Ferdigheiter

Studenten:

  • kan nytte kunsthistorisk metode til å analysere og reflektere over spørsmål kring kunst og visuell kultur frå renessanse til og med 1750.
  • kan vise geografisk tilhøyring og datere ulike kunstverk frå perioden.
  • kan nytte ei vitskapeleg tilnærming i drøftingar om visuell kultur frå renessanse til og med 1750.
  • kan formidle kunnskapen sin munnleg og skriftleg for eit generelt publikum, på ein akademisk måte.
  • kan nytta geometriske verkty for analyse av bilete og arkitektur og gjenkjenne romkonstruksjonar i bilete med utgangspunkt i ulike visuelle teknologiar.
  • kan utføre ikonografisk analyse av sentrale verk

Generell kompetanse

Studenten

  • er i stand til å nytta fagområdet sine uttrykks-former i sjølvstendig arbeid med sentrale faglege problemstillingar.
  • kan formidle sentralt fagleg stoff om kunsthistoria frå renessansen til og med 1750 både skriftleg og munnleg.
  • kan utveksle eigne synspunkt og erfaringar med dei som har den same eller liknande faglege plattforma i høgare utdanning med liknande innføringsemne om kunst- og kulturhistorie frå renessansen til og med 1750.
  • kan tenkje kritisk-analytisk om faglege spørsmål.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Studiepoengsreduksjon

Fullt overlapp (15 stp) med emna KUN122 og KUN103. Overlappar 10 stp med KUN133 og KUN112

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen. Personar utan studierett kan søkje Det humanistiske fakultet om å gå opp til særskild eksamen.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga blir gitt som førelesingar (normalt 12-14 dobbelttimar) og, dersom det er ressursar, også som seminar.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervising, jamfør instituttet sine retningslinjer for dette på Mi Side. På emne der dette kan vera aktuelt vil studentane bli informert ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar/1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ingen

Vurderingsformer

Førebudd munnleg eksamen, og kontrollspørsmål frå heile pensum.

Kandidaten får utlevert oppgåva to dagar før eksamen.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

Karakterskala A-F

Vurderingssemester

Haust/vår

Litteraturliste

Lista vil vere klar innan 01.06 / 01.12 for det komande semesteret

Emneevaluering

Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem

Programansvarleg

Programstyret for BAHF-KUN

Institutt

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

Kontakt

Kontaktinformasjon

studierettleiar@lle.uib.no

Eksamensinformasjon