Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Kunst, arkitektur og visuell kultur 1750-1900

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet tek opp ulike tema i europeisk kunst, arkitektur og visuell kultur frå 1700- og 1800-talet. Framveksten av den moderne kunstinstitusjonen på 1700-talet og den begynnande modernismen på 1800-talet er sentrale tema. Innafor biletkunst, arkitektur, byutvikling og visuell kultur blir det lagt særleg vekt på dei endringane som ny vitskap, teknologi og mekanisering førte med seg. Studentane vert òg introduserte for fotografi og visuell populærkultur som kunsthistoriske fagområde. Geografisk og kulturelt er emnet avgrensa til Europa, men i høve til utviklinga i den nye verda (t.d. Amerika) og europeiske koloniar, legg ein opp til ei vid forståing av omgrepet europeisk kultur. Møtet mellom ulike kulturar i Europa og møtet mellom europeiske og ikkje-vestlege kulturar er òg aktuelle tema for kunsten i perioden 1750-1900.

Val av tematiske tyngdepunkt kan variera frå semester til semester.

Læringsutbyte

 Kunnskapar

Etter å ha fullført emnet har studentane

  • kunnskap om sentrale trekk ved utviklinga av vestleg biletkunst, arkitektur og visuell kultur i tidsrommet 1750-1900.
  • kjennskap til teoretiske problemstillingar og forskingstradisjonar som er relevante i fagfeltet.
  • grunnleggjande føresetnader for å fordjupe seg sjølvstendig i estetiske uttrykk frå perioden 1750-1900.

Ferdigheiter 

Etter å ha fullført emnet kan studentane

  • gjere greie for viktige tendensar, kunstnarskap, teknikkar og teoretiske omgrep knytt til kunst, visuell kultur og arkitektur i perioden 1750-1900.
  • analysere kunst, visuell kultur og arkitektur frå den aktuelle tidsperioden i relasjon til relevante historiske og politiske kontekstar, og med utgangspunkt i forskingslitteraturen på feltet.
  • identifisere og presentere relevante kritiske og teoretiske posisjonar i faglitteraturen.
  • vere fortruleg med og nytta fagterminologi og vitskapelege tilnærmingar i diskusjonar om kunst, visuell kultur og arkitektur frå perioden 1750-1900.

Generell kompetanse:

Etter å ha fullført emnet kan studentane

  • formidle sentralt fagstoff frå fagfeltet kunst, visuell kultur og arkitektur frå perioden 1750-1900 munnleg og skriftleg.
  • gjere greie for og aktivt nytte analytiske og teoretiske omgrep som står sentralt i fagfeltet.
  • nærme seg feltet frå ein fagleg informert ståstad
  • ha etablert eit grunnlag for sjølvstendig arbeid med problemstillingar knytt til fagfeltet kunst, visuell kultur og arkitektur frå perioden 1750-1900.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Studiepoengsreduksjon

Emnet har full overlapp (15 stp) med dei tidlegare emna KUN123 og KUN103. Overlappar 5 stp med KUN133.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga blir gitt som førelesingar og som seminar. Seminaret omfattar øving i fagleg presentasjon og oppgåveskriving. Det blir gitt seminarundervising tilsvarende om lag 8 t per gruppe. Dersom ressurssituasjonen tillet det, kan seminarundervisinga bli utvida. Seminardeltaking er obligatorisk (75 %).

Om del melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan vere aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Seminardeltaking (75%) og ei obligatorisk skriftleg kortoppgåve som skal leverast inn i løpet av semesteret. Oppgåva må vere godkjent (godkjent/ikke godkjent) for at studenten kan gå opp til eksamen.

Vurderingsformer

 Avsluttande eksamen er ein førebudd munnleg presentasjon av eit oppgitt emne og ein påfølgjande breddetest med spørsmål frå heile pensum.

Karakterskala

Karakterskala A¿F. 

Vurderingssemester

Vår. Der er òg vurdering tidleg i haustsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.

Litteraturliste

Pensum er på om lag 1000 sider.

Emneevaluering

Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret for BAHF-KUN

Institutt

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

Kontakt

Kontaktinformasjon

studierettleiar@lle.uib.no

Eksamensinformasjon