Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Kunst, arkitektur og visuell kultur 1900-1970

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor 

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet presenterer og drøftar karakteristiske trekk ved den norske og internasjonale kunsten og arkitekturen frå omkring 1900 og fram til omkring 1970. I bildekunsten står dei sjangeroverskridande avantgarde-praksisane tidleg på 1900-talet sentralt, likeeins seinmodernismen og den tidlege multimediale kunsten etter andre verdskrigen. I arkitekturhistoria blir endringane i arkitektonisk praksis frå rundt 1900 tematisert, i tillegg til gjennombrotet av den modernistiske ideologien og konsekvensane av dette for arkitektur og byutvikling. Geografisk er studiefeltet avgrensa til Europa inkludert grenseområda mot aust og Nord-Amerika.

Emnet rettar seg mot å gje ein oversikt, men vil og øve evna til å nærme seg kunst og visuell kultur som historiske dokument og estetiske objekt. Ein tek slik opp spørsmål knytta til tolking og historisk kontekstualisering, og tematiserer korleis kunst, arkitektur og andre visuelle kulturytringar kan ha bestemte politiske og retoriske siktemål og effektar.

Val av tematiske tyngdepunkt kan variera frå semester til semester.

Læringsutbyte

 Kunnskapar

Etter å ha fullført emnet har studentane

  • kunnskap om dei viktigaste tendensane i vestleg biletkunst, arkitektur og visuell kultur i tidsrommet 1900-1970.
  • kjennskap til teoretiske problemstillingar og ulike forskingstradisjonar som er relevante i studiet av kunsten i dette tidsrommet.
  • grunnleggjande føresetnader for å fordjupe seg sjølvstendig i estetiske uttrykk frå perioden 1900-1970.

Ferdigheiter

Etter å ha fullført emnet kan studentane

  • analysere kunstverk frå perioden med utgangspunkt i relevant litteratur.
  • gjere greie for viktige tendensar, kunstnarskap, teknikkar og teoretiske omgrep knytt til kunst, visuell kultur og arkitektur i perioden 1900-1970.
  • identifisere og presentere relevante kritiske og teoretiske posisjonar i faglitteraturen.
  • plassere kunst, visuell kultur og arkitektur frå den aktuelle tidsperioden i ein historisk og politisk kontekst.
  • vere fortruleg med og nytta fagterminologi og vitskapelege tilnærmingar i diskusjonar om kunst, visuell kultur og arkitektur frå perioden 1900-1970.

Generell kompetanse:

Etter å ha fullført emnet kan studentane

  • formidle sentralt fagstoff frå fagfeltet kunst, visuell kultur og arkitektur frå perioden 1900-1970 munnleg og skriftleg.
  • gjere greie for, og aktivt nytte analytiske og teoretiske omgrep som står sentralt i dette fagfeltet.
  • nærme seg feltet frå ein fagleg informert ståstad
  • ha etablert eit grunnlag for sjølvstendig arbeid med problemstillingar knytt fagfeltet kunst, visuell kultur og arkitektur frå perioden 1900-1970.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Studiepoengsreduksjon

Emnet har full overlapp (15 stp) med dei tidlegare emna KUN104, 124 og 10 stp med KUN 134

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga blir gitt som førelesingar og som seminar. Seminarundervisninga er ca 8 t pr gruppe. Dersom ressurssituasjonen tillet det, kan seminarundervisinga utvidast. Seminardeltaking er obligatorisk (75 %).

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan vere aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Seminardeltaking (75%)

Vurderingsformer

Eksamen er ein 7 dagars heimeeksamen over eitt av tre oppgitte emne. Den skriftlege oppgåva skal ha eit omfang på ca. 3500-4000 ord

Karakterskala

Karakterskala A-F.

Vurderingssemester

Haust. Der er òg vurdering tidleg i vårsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.

Litteraturliste

Pensum er på om lag 1000 sider.

Emneevaluering

Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem

Programansvarleg

Programstyret for BAHF-KUN

Institutt

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

Kontakt

Kontaktinformasjon

studierettleiar@lle.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Heimeeksamen

    Oppgave utleveres
    12.11.2019, 13:00
    Innleveringsfrist
    19.11.2019, 13:00
    Trekkfrist
    29.10.2019
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen