Samtidas kunst, arkitektur og visuelle kultur
- Studiepoeng15
- UndervisingssemesterHaust
- EmnekodeKUN146
- Talet på semester1
- Språk Norsk
- Ressursar
Studiepoeng, omfang
15
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor
Undervisningssemester
Haust
Undervisningsstad
Bergen
Mål og innhald
Det blir ikkje tilbode undervisning eller vurdering i KUN146 hausten 2020.
Emnet gjer eit oversyn over sentrale verk og diskusjonar knytta til biletkunst, arkitektur og visuell kultur i tida etter 1970. På biletkunstens område dekker emnet tema i spennet frå ny-avantgardiske kunstretningar, konseptualisme, utviklinga av multimediale kunstpraksisar, tilhøvet mellom estetikk og politikk, til framveksten av ein global kunstscene, og på arkitekturfeltet gir emnet ei innføring i arkitektur i spennet frå moderne, postmoderne og til notidas arkitekturformer. Undervisninga legg vekt på å utforske samanhengen mellom sentrale estetiske uttrykk, teoretiske omgrep og dei kulturelle omstende biletkunst, arkitektur og visuell kultur veks fram i.
Val av tematiske tyngdepunkt kan variera frå semester til semester.
Læringsutbyte
Kunnskapar
Etter å ha fullført emnet har studentane
- kunnskap om dei viktigaste tendensane i vestleg biletkunst, arkitektur og visuell kultur etter 1970.
- kjennskap til teoretiske problemstillingar som er relevante i studiet av samtidas kunst.
- grunnleggjande kunnskap i kritisk bruk av kjelder i studiet av samtidas kunstdiskurs og estetiske uttrykk.
- grunnleggjande føresetnader for å fordjupe seg sjølvstendig i estetiske uttrykk frå perioden etter 1970.
Ferdigheiter
Etter å ha fullført emnet kan studentane
- analysere kunstverk frå perioden med utgangspunkt i relevant litteratur.
- gjere greie for viktige tendensar, kunstnerskap, teknikkar og teoretiske omgrep knytta til kunst etter 1970.
- identifisere og presentere viktige kritiske og teoretiske posisjonar i den kunsthistoriske litteraturen som omhandlar perioden.
- plassere den vestlige kunstproduksjonen i åra etter 1970 i ein historisk og politisk kontekst.
- uttrykke seg i fagleg språk og nytte ei vitskapeleg tilnærming i diskusjonar om kunst, arkitektur og visuell kultur frå tida etter 1970.
Generell kompetanse:
Etter å ha fullført emnet kan studentane
- formidle sentralt fagstoff i frå samtidas kunsthistorie munnleg og skriftleg.
- gjere greie for, og aktivt nytte analytiske og teoretiske omgrep som er sentrale for å forstå samtidas visuelle kultur.
- nærme seg samtidas kunst og kulturfelt frå ein fagleg informert ståstad, og utveksle eigne synspunkt og erfaringar med aktørar med liknande kompteanse.
ha eit visst grunnlag for å kunne arbeide sjølvstendig med problemstillinger knytta til samtidas kunst og kultur.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga blir gitt som førelesingar (normalt om lag 12 -14 dobbelttimar) og seminar. Seminarundervisninga er ca 8 t pr gruppe. Dersom ressurssituasjonen tillet det, kan seminarundervisinga utvidast. Deltaking på seminar er obligatorisk (75 %)
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan vere aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Obligatorisk seminardeltakelse (75 %)
Vurderingsformer
Eksamen er ein 7 dagars heimeeksamen over eitt av tre oppgitte emne . Den skriftlege oppgåva skal ha eit omfang på om lag 3500-4000 ord.
Karakterskala
Karakterskala A-F.
Vurderingssemester
Haust. Der er òg vurdering tidleg i vårsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav
Litteraturliste
Pensum er på om lag 1000 sider.
Emneevaluering
Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Programstyret for BAHF-KUN
Institutt
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium