Kunst, retorikk og lærdomstradisjonar i før- og tidlegmoderne tid

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Dette er eit teori-emne som skal gi ei fordjuping i kunst, retorikk og lærdomstradisjonar i før- og tidleg-moderne tid i eit historisk perspektiv. I emnet legg vi vekt på eit kulturhistorisk perspektiv på kunst (ars/tekhne), retorikk og naturhistoriske forståingar og tenkjemåtar. Sentralt står ulike historiske definisjonar og måtar å tenkje kring visuelle uttrykk, kva bilete er og gjer og kva for vitens- og kunnskapsdiskursar bilete kunne vera ein del av. Konkrete døme er henta frå antikk, mellomalder og tidleg nytid.

Tema som vert tekne opp er m.a. tilhøvet mellom historisk visuell kultur og retorisk teori, bilete og kunnskapsdanning, kunst (ars/tekhne) som kunnskap og kulturforståing. I emnet vil undervisinga vere både kronologisk og tematisk organisert. Vi vil studera dei kulturelle tradisjonane i antikken, mellomalderen og tidleg nytid og deira etterliv.

Val av tematisk tyngdepunkt kan variera frå semester til semester.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

*har ei fordjuping innanfor kunst, retorikk og lærdomstradisjonar i antikk, mellomalder og tidleg nytid i vid kulturhistorisk tyding.

*har solid kunnskap om forskings-tradisjonar innan tema i emnet.

*har gode føresetnadar for vidare studiar i antikk, mellomalder og tidleg nytids kunst- og kulturhistorie.

Ferdigheiter

Studenten

* kan uttrykke seg kritisk i eit fagspråk innanfor fordjupingsemnet og kan nytta eit fagspråk på relevant og dekkjande vis innanfor eldre kunsthistorie og kulturhistorie allment.

* kan nytte retorikk som analysereiskap

* kan nytte ei kritisk tilnærming til diskusjonen om det førmoderne kunst- og biletomgrepet og handsame teoretiske problem i omgangen med ulike visuelle uttrykk og deira ulike bruksområde.

Generell kompetanse

Studenten

*kan framstille sentralt fagstoff frå førmoderne kunst- og kulturhistorie skriftleg og munnleg på sjølvstendig vis.

*kan utveksle eigne faglege synspunkt og erfaringar om eldre kunst- og kulturhistorie

*ha røynsle med kritisk refleksjon og argumentasjon og sjølvstendig akademisk arbeid

*har kunnskap om kommunikasjons- og kunnskapsforståing i eit historisk perspektiv.

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår eller haust

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
KUN131 og/eller KUN132
Studiepoengsreduksjon
Emnet har 5 stp. overlapp med KUN208/KUN258.
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga gis som førelesingar, normalt 12-14 dobbelttimar, samt gruppeundervising/seminar.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervising, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mitt UiB

Obligatorisk undervisningsaktivitet
To kortare skriftlege oppgåver, ei i byrjinga av semesteret og ei omkring midten av semesteret med munnleg framlegg. Begge dei to oppgåvene må væra godkjende (godkjend/ikkje godkjend) for å få gå opp til endeleg eksamen.
Vurderingsformer
Eksamen er ein sju-dagars heimeeksamen. Den skriftlege oppgåva skal ha eit omfang på omlag 3500-4000 ord.
Karakterskala
Karakterskala A-F
Vurderingssemester
Vår eller haust, men ikkje fast. Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret. Ny eksamen påfølgande semester berre for studentar med rett til ny vurdering.
Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Pensum er på om lag 1200 sider.

Emneevaluering
Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem
Hjelpemiddel til eksamen
Ikkje relevant.
Programansvarleg
Programstyret for kunsthistorie
Administrativt ansvarleg
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
Institutt
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium