Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Kunstane i antikken og mellomalderen

Hovedinnhold

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Mål og innhald

Emnet skal gje ei tematisk og historisk fordjuping i antikken og/eller mellomalderen si kunsthistorie i vid kulturhistorisk tyding. Fordjupinga er ikkje avgrensa til dei moderne visuelle kunstane (arkitektur, skulptur og måleri), men kan òg ta utgangspunkt i den førmoderne tydinga av tekhne/ars som spenner frå handverk (artes mechanicae) til teoretisk vitskap (artes liberales). Hovudsiktemålet med emnet er å sette døme på slike kunstar inn i ulike kulturhistoriske kontekstar. Det er samstundes vekt på dei kunstane som på konkret eller teoretisk vis tek opp visualiteten i kulturen. BA-oppgåva kan ta utgangspunkt i konkrete døme på kunstverk, arkitektur og visuell/materiell kultur eller eit teoretisk problem knytta til visuell tenking (t.d. optikk), kunnskapspraksis, ulike former for bruk av visuell/materiell kultur (t. d. fromheitspraksis eller kulturell erindring) eller synskultur i antikken og/eller mellomalderen.

Det tematisk-historiske temaet for emnet vil variera noko frå semester til semester. Ei presisering av tematisk-historisk fokus for emnet blir annonsert på Mitt UiB.

Læringsutbyte

Kunnskaper:

Kandidaten

- har ei fordjuping innanfor kunsthistoria i antikken og/eller mellomalderen i vid kulturhistorisk tyding.

- har solid kunnskap om forskingstradisjonar innanfor fordjupingsemnet.

- har gode føresetnader for vidare sjølvstendige studiar innanfor fordjupingsemnet i førmoderne kunsthistorie.

Ferdigheiter:

Kandidaten

- kan nytte ei kritisk tilnærming til diskusjonen om det førmoderne kunstomgrepet.

- kan uttrykke seg kritisk i eit fagspråk innanfor fordjupingsemnet og kan òg bruke eit fagspråk på relevant og dekkjande vis innafor eldre kunsthistore generelt.

Generell kompetanse:

Kandidaten

- har særleg innsikt i etiske spørsmål innafor forskning på eldre kunsthistorie.

- kan framstille sentralt fagstoff frå eldre kunsthistorie skriftleg og munnleg på sjølvstendig vis.

- kan utveksle eigne faglege synspunkt og erfaringar om eldre kunsthistorie og tilgrensande kulturhistoriske fagområde.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Studiepoengsreduksjon

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisinga blir gitt som førelesingar (normalt 12-14 dobbelttimer) og gruppeundervisning/seminar.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan vere aktuelt, vil studentane får informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Rettleiing i samband med førebuing av bacheloroppgåva.

Obligatorisk deltaking i all undervisningsaktivitet med 75 % oppmøte.

Obligatorisk øvingsoppgåve i samband med seminarundervisning.

Vurderingsformer

Rettleidd bacheloroppgåve på 3500-5000 ord.

Karakterskala

A - F.

Vurderingssemester

Vår eller haust, men ikkje fast. Det er og vurdering tidleg i påfølgjande semester for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav, gitt at emnet blei undervist i det føregåande semesteret.

Litteraturliste

Lista vil vere klar innan 01.06 / 01.12 for det komande semesteret.

Emneevaluering

Evaluering blir gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.

Kontakt

Eksamensinformasjon