Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Fotografiet sin teori og historie med bacheloroppgåve

  • Studiepoeng15
  • UndervisingssemesterVår, Haust
  • EmnekodeKUN252
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk. Dersom det melder seg minimum 5 utanlandske studentar kan undervisninga bli gitt på engelsk.
  • Ressursar

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår/Haust. Ikkje fast

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet er eit fordjupingsemne i spesialiseringa i kunsthistorie. I emnet presenterer og diskuterer vi ulike teoriar om fotografiet. Vi tar óg opp dei ulike brukskontekstane fotografiet har vore, og framleis er ein del av, både i privat og offentleg samanhang: til dømes i familiealbumet, på avissida, i reklame, i politisk retorikk og innafor den multimediale og sjangeroverskridande samtidskunsten.

Emnet skal gi innsikt i historia og teorien til fotografiet. Studentene skal kunne nærme seg fotografiske bilete som estetiske objekt og historiske dokument - og analysere enkeltbilete i ulike brukssamanhengar.

Læringsutbyte

Ved fullført emne skal studentane

Kunnskapar:

  • ha kunnskap om dei generelle utviklingslinene i fotografiet si historie.
  • ha kunnskap om dei generelle bruksområda mediet har hatt sidan 1800-talet og fram til vår eiga tid.

Ferdigheiter

  • kunne gjere greie for dei teoretiske diskusjonane kring mediet sin eigenart og rolle i samfunnet, og kunne reflektere sjølvstendig kring desse spørsmåla.
  • Kunne gjere greie for, og nytte eit større tilfang av analytiske og teoretiske omgrep.

Generell kompetanse

  • Kunne skrive lengre analytiske tekstar med utgangspunkt i reglar og normer for akademisk skriving.
  • Ha røynsle i å arbeide sjølvstendig med prosjekt der ein skal hente inn og arbeide med eit kunsthistorisk materiale

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Studiepoengsreduksjon

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesingar: normalt om lag 12-14 dobbelttimar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studentane må møte på minst 75% av undervisninga.

Det er obligatorisk å levere bacheloroppgåva til rettleiing to gonger i løpet av semesteret til oppsette fristar. Fristane er endelege og vert publiserte på Mitt UiB. Namneliste med individuelle rettleiingstidspunkt blir publisert på Mitt UiB ein av dei første dagane etter innleveringane.

Dei obligatoriske aktivitetane er gyldige i undervisninssemesteret

Vurderingsformer

Eksamen er ei bacheloroppgåve over eit tema innafor dei faglege rammene i emnet. Omfanget på oppgåva skal vere 4500-5000 ord.

Karakterskala

Karakterskala A-F

Vurderingssemester

Vår eller haust, men ikkje fast. Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret. Ny eksamen påfølgande semester berre for studentar med rett til ny vurdering.

Litteraturliste

Pensum er på om lag 1000 sider.

Emneevaluering

Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret for kunsthistorie

Administrativt ansvarleg

Programstyret for kunsthistorie

Kontaktinformasjon

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

E-post: studierettleiar@lle.uib.no