Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Antikken og den klassiske tradisjon med bacheloroppgåve

  • Studiepoeng15
  • UndervisingssemesterVår, Haust
  • EmnekodeKUN253
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk, skandinavisk, evt. engelsk
  • Ressursar

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår/haust, men ikkje fast

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet er eit fordjupingsemne i spesialiseringa i kunsthistorie. Det er fokus på kunst og visuell kultur i antikken og bruk og gjenbruk av antikken i europeisk kunst, særleg frå det 19. til det 21. hundreåret. I emnet ser ein óg nærare på korleis antikke formuttrykk, så vel forhistoriske, som klassiske og bysantinske, spelar saman med moderne kunst og visuell kultur i ulike kontekstar. Førelesningane er tematisk organiserte kring utvalde kunstnarar og verk. Konkrete døme frå skulptur, maleri, mote, reklame og vareestetikk blir analysert. Tilhøva mellom kunst og arkeologi, original og kopi, og spørsmål kring mimesis, appropriasjon, parafrase, polykromi, og fragmentet sin estetikk kan òg bli undersøkte. Val av tematisk tyngdepunkt kan variere frå semester til semester.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Etter å ha fullført emnet skal studenten

¿ ha spesialisert kunnskap om samspelet mellom eldre og nyare kunstuttrykk.

¿ ha innsikt i korleis kunstarkeologisk materiale blir nytta i moderne og samtidskunst, visuell kultur, mote og reklame.

Ferdigheiter

Etter å ha fullført emnet kan studenten

¿ reflektere kritisk i høve til estetiske og visuelle spørsmål.

¿ tolke kulturelle kodar og resepsjonsprosessar.

¿ nytte kunsthistorisk metode til å tolke kjende og ukjende verk.

Generell kompetanse

¿ Gjennom bacheloroppgåva skal studenten oppnå røynsle med å jobbe sjølvstendig med eit kunsthistorisk materiale.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesingar: normalt om lag 12-14 dobbelttimar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studentane må møte på minst 75% av undervisninga. Det er obligatorisk å levere bacheloroppgåva til rettleiing to gonger i løpet av semesteret til oppsette fristar. Fristane er endelege og vert publiserte på Mitt UiB. Namneliste med individuelle rettleiingstidspunkt blir publisert på Mitt UiB ein av dei første dagane etter innleveringane.

Vurderingsformer

Eksamen er ei bacheloroppgåve over eit tema innafor dei faglege rammene i emnet. Omfanget på oppgåva skal vere 4500-5000 ord.

Karakterskala

Karakterskala A-F.

Vurderingssemester

Vår eller haust, men ikkje fast. Det er og vurdering tidleg i påfølgjande semester for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav, gitt at emnet blei undervist i det føregåande semesteret

Litteraturliste

Pensum er på om lag 1000 sider.

Emneevaluering

Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

E-post: studierettleiar@lle.uib.no