Moderne og samtidskunst med bacheloroppgåve
- Studiepoeng15
- UndervisingssemesterVår, Haust
- EmnekodeKUN254
- Talet på semester1
- SpråkNorsk. Dersom det melder seg minimum 5 utanlandske studentar kan undervisninga bli gitt på engelsk.
- Ressursar
Hovedinnhold
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor
Undervisningssemester
Haust/vår ¿ ikkje fast
Undervisningsstad
Bergen
Mål og innhald
Dette emnet er eit fordjupingsemne i spesialiseringa i kunsthistorie. Emnet utforskar sentrale verk og diskusjonar kring kunsten i tida etter andre verdskrigen. I emnet skal vi dekke tema i spennet frå amerikansk etterkrigskunst, nyavantgardiske kunstretningar, konseptualisme, utviklinga av multimediale kunstpraksisar, tilhøvet mellom estetikk og politikk, og framveksten av ein global kunstscene.
Det tematiske tyngdepunkt kan variera frå semester til semester.
Læringsutbyte
Kunnskapar
Etter å ha fullført emnet har studentane
- kunnskap om sentrale tendensar i - og teoretiske problemstillingar som er relevante for vestlig biletkunst etter 1950
Ferdigheiter
Etter å ha fullført emnet kan studentane
- analysere kunstverk frå perioden med utgangspunkt i pensumlitteraturen.
- gjere greie for sentrale omgrep og teoretiske posisjonar i kunsthistorielitteraturen for perioden.
- demonstrere evne til å utvikle, utfolde og formulere problemstillingar innanfor feltet moderne og samtidskunst på en sjølvstendig måte.
- gjere greie for, og aktivt nytte eit større tilfang av analytiske og teoretiske omgrep.
- skrive lengre analytiske tekstar med utgangspunkt i reglar og normer for akademisk skriving.
Generell kompetanse
Etter å ha fullført emnet har studentane
- røynsle med å jobbe sjølvstendig med ei lengre akademisk oppgåve, og kunne justere arbeidet under rettleiing.
- røynsle i å arbeide sjølvstendig i prosjekt.
Krav til forkunnskapar
Ingen.
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer
Førelesingar: normalt om lag 12 -14 dobbelttimar.
Om del melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan vere aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Studentane må møte på minst 75% av undervisninga. Det er obligatorisk å levere bacheloroppgåva til rettleiing to gonger i løpet av semesteret til oppsette fristar. Fristane er endelege og vert publiserte på Mitt UiB. Namneliste med individuelle rettleiingstidspunkt vert publisert på Mitt UiB ein av dei første dagane etter innleveringane.
Vurderingsformer
Eksamen er ei bacheloroppgåve med tema frå kurset det gjeldande semesteret. Omfanget på oppgåva skal vere 4500-5000 ord.
Karakterskala
Karakterskala A-F
Vurderingssemester
Vår eller haust, men ikkje fast. Det er og vurdering tidleg i påfølgjande semester for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav, gitt at emnet blei undervist i det føregåande semesteret.
Litteraturliste
Pensum er på om lag 1000 sider.
Emneevaluering
Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.
Kontakt
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
E-post: studierettleiar@lle.uib.no
Eksamensinformasjon
Vurderingsordning: Bacheloroppgåve
- Innleveringsfrist
- 22.02.2023, 13:00
- Eksamenssystem
- Inspera
- Digital eksamen