Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Arkitektur og bygningsvern med bacheloroppgåve

  • Studiepoeng15
  • UndervisingssemesterVår, Haust
  • EmnekodeKUN255
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk. Dersom det melder seg minimum 5 utanlandske studentar kan undervisninga bli gitt på engelsk.
  • Ressursar

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust/vår, men ikkje fast

Undervisningsstad

Bergen.

Mål og innhald

Emnet er eit fordjupingsemne i spesialiseringa i kunsthistorie. Emnet tar opp sentrale tema frå stadutvikling og arkitekturhistorie, arkitekturteori og -praksis. Søkelyset blir retta mot spørsmål kring arkitekturen si rolle i ein utvida samfunnskontekst, og problem knytt til forvaltning og vern av nyare arkitekturarv.

Emnet skal gi studenten kunnskap om arkitektur i eit regionalt, lokalt og internasjonalt perspektiv, samt kjennskap til verneteoretiske utfordringar.

Gjennom konkrete døme tar emnet opp tema som kvalifiserer studenten for arbeid innan museumsvesen, offentleg forvaltning og undervisning. Emnet er særs godt eigna i kombinasjon med andre estetiske fag og kulturfag. Studiet er òg relevant for arkitektstudentar.

Læringsutbyte

KUNNSKAPAR

Kandidaten

- har kjennskap til sentrale prinsipp innan arkitektur- og kulturminnevern, dessutan oppdatert kunnskap om gjeldande praksis innan feltet.

- har brei kunnskap om utviklinga innan vern og forvalting av bygningsarv og nyare arkitektur, dessutan korleis internasjonale prinsipp for dette har blitt utviklagjennom konsensus.

- er kjent med ulike problemstillinger innan fagfeltet, og kan vurdere arkitektur som del av ein historisk og miljømessig heilskap.

- kjenner til kjelder for oppdatering av kunnskap innan feltet.

FERDIGHEITER

Kandidaten

- kan dokumentere, analysere og vurdere verdien av arkitektoniske objekt og bygningsmiljø.

- kan argumentere for vern av bygningsarv, dersom dette er aktuelt, med bakgrunn i nyare tids verneteori og praksis, dessutan prinsipp som ligg til grunn for fysisk kulturminneforvaltning i dag.

GENERELL KOMPETANSE

Kandidaten

- kan utføre dokumentasjon på bakgrunn av tilgjengelege kjelder, og gjere greie for og gjennomføre undersøkingar av aktuelle verneobjekt.

- har god og oppdatert kunnskap innan relevant fagfelt, og kan formidle dette skriftleg, munnleg og gjennom andre media.

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

Studieemne på 100-nivå.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisinga blir gitt i form av førelesingar (normalt 12-14 dobbelttimar) og rettleiing. Dersom det er ressursar til det, vil noko av undervisninga bli gitt i form av ekskursjon.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan vere aktuelt vil studentane får informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studentane må møte på minst 75% av undervisninga. Det er obligatorisk å levere bacheloroppgåva til rettleiing to gonger i løpet av semesteret til oppsette fristar. Fristane er endelege og vert publiserte på Mitt UiB i form av innleveringsmapper. Den første rettleiinga vert gjeve i eit ope seminar der kvar student presenterer sitt prosjekt, mens den andre er ei individuell rettleiing. Program for seminaret og namneliste med individuelle rettleiingstidspunkt vert publisert på Mitt UiB ein av dei første dagane etter innleveringane. Det er obligatorisk å vere til stades på rettleiingsseminaret og å møte til individuell rettleiing.

Vurderingsformer

Eksamen er ei skriftleg bacheloroppgåve med tema frå kurset det gjeldande semesteret. Pensum dannar grunnlag for oppgåvearbeidet, men studenten kan nytte feltarbeid og eige kjeldemateriale i tillegg. Det ferdige arbeidet skal ha eit omfang på 4500-5000 ord.

Karakterskala

Karakterskala A-F

Vurderingssemester

Vår eller haust, men ikkje fast. Det er og vurdering tidleg i påfølgjande semester for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav, gitt at emnet blei undervist i det føregåande semesteret

Litteraturliste

Pensum er på om lag 1000 sider

Emneevaluering

Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

E-post: studierettleiar@lle.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Bacheloroppgåve

    Innleveringsfrist
    26.09.2019, 13:00
    Trekkfrist
    05.09.2019
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen