Områdestudium med bacheloroppgåve

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet er eit fordjupingsemne i kunsthistorie. Med utgangspunkt i eitt område sin kulturtradisjon vil emnet gi fordjupning i særskilde kunsthistoriske tema knytt til kunst, visuell kultur og arkitektur. Føremålet med emnet er å gje kunnskap om sentrale kunstnarlege uttrykk og verk, og å drøfte korleis desse er knytta til og får meining i og med den kulturelle konteksten. Sentralt i emnet står ein ekskursjon. Aktuelle reisemål kan til dømes vere København, Stockholm, Helsinki, Roma, St. Petersburg, Athen, Istanbul, Wien, Paris, London, Berlin, Barcelona, Amsterdam, New York. Sentrale verk og faglege problemstillingar vert presenterte gjennom førelesningar på ekskursjonsstaden. Deltaking på ekskursjonen kan innebere egenandel for studentar. Studentar som ikkje har høve til å reise, deltek på førelesingar og seminar lokalt.

Læringsutbyte

Etter å ha fullført emnet har studenten

  • Kunnskap om sentrale arkitektoniske verk, museum, monument og sentrale tendensar i biletkunsten i det aktuelle området.
  • Innsikt i dei mest relevante omgrep, teoriar og kunsthistoriske metoder ein nyttar for å forstå kjende og ukjende verk frå det aktuelle området i historisk, kulturell og geografisk samanheng.

Ferdigheiter

Etter å ha fullført emnet kan studenten

  • analysere kunst, visuell kultur og arkitektur frå området på ein sjølvstendig måte med utgangspunkt i relevant litteratur.
  • gjere greie for og bruke sentrale omgrep og teoretiske rammer som er relevante for å forstå området sin visuelle kultur og kunst i moderne og samtidig historisk samanheng.

Generell kompetanse

Etter å ha fullført emnet kan studenten

  • Reflektere kritisk kring kunsthistoriske og kulturhistoriske spørsmål
  • Skrive ein lengre analytisk tekst med utgangspunkt i akademiske reglar og normer
  • Førebu ein munnleg presentasjon av relevant fagstoff
  • Arbeide med eit sjølvstendig prosjekt der ein skal utforske kunsthistorisk materiale

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor.

Undervisningssemester

Vår, men ikkje fast.

Undervisningsstad

Bergen, samt reisemålet.
Krav til forkunnskapar
Ingen.
Tilrådde forkunnskapar
Fire av emna KUN 131, KUN 132, KUN135, KUN144, KUN145, KUN146.
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga blir gitt som auditorieførelesingar og seminar som leier opp til ein ekskursjon til det aktuelle området (1-2 veker) med intensive førelesingar, studentpresentasjonar og diskusjon ved dei einskilde monumenta. Studentar som ikkje har høve til å reise, deltek på eit opplegg med førelesingar og seminar lokalt. Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervising, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan vere aktuelt, vil studentane får informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det krevst 80 % deltaking på førelesningar, seminar og på all undervisning under ekskursjonen/lokalt seminar. Studentane skal halde eit munnlegg innlegg på ekskursjon/lokalt seminar, og aktivt delta i diskusjonar. Obligatorisk munnleg innlegg blir vurdert som godkjent/ikkje godkjent. Det er obligatorisk å levere bacheloroppgåva til individuell rettleiing ein gong. Namneliste med individuelle rettleiingstidspunkt blir publisert på Mitt UiB

Dei obligatoriske aktivitetane er gyldige i undervisningssemesteret

Vurderingsformer
Avsluttande eksamen er ei veileda bacheloroppgåve over eit tema innan dei faglege rammene i emnet. Omfanget på bacheloroppgåva er 4500-5000 ord.
Karakterskala
Karakterskala A-F
Vurderingssemester
Vår eller haust, men ikkje fast. Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret. Ny eksamen påfølgande semester berre for studentar med rett til ny vurdering.
Litteraturliste
Pensum er på om lag 1000 sider.
Emneevaluering
Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ikkje relevant.
Programansvarleg
Programstyret for kunsthistorie
Administrativt ansvarleg
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium