Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Kunst, arkitektur og visuell kultur i moderne og samtid

  • Studiepoeng15
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeKUN260
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk/skandinavisk. 
  • Ressursar

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

15 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet har som mål å gi ei tematisk fordjuping innan eit spesifikt tema knytt til kunst, arkitektur og/eller visuell kultur, til dømes fotografi, i perioden frå 1750 til i dag.  Sjølve bacheloroppgåva kan ta utgangspunkt i sentrale problemstillingar i kunstnarskap og kunstnarlege uttrykk, drøfte teoretiske problem knytte til arkitektur, biletkunst, fotografi eller annan visuell kultur, fokusere på utstillingspraksisar, eller anna. Kva fordjupingar som er aktuelle, vil avhenge av ramma for emnet det enkelte semester. 

Det tematiske tyngdepunkt vil variere frå semester til semester. Sentrale rammer kan vere å diskutere samtidskunstens ulike former, moderne praksisar og teori knytt til i biletkunst, arkitektur, fotografi eller andre visuelle uttrykk, eller å fokusere på spesifikke kritiske perspektiv knytte til kjønn, globalisering og mangfald, eller ny teknologi og nye medium. 

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:  

Kunnskap 

Studenten 

  • har ei fordjuping innanfor kunsthistoria, arkitekturteori og/eller visuell kultur i moderne tid og/eller samtida 
  • har kunnskap om teoretiske posisjonar innanfor fordjupingsemnet 

Ferdigheiter 

Studenten 

  • kan reflektere kritisk i høve til estetiske og etiske spørsmål 
  • kan nytte kunsthistorisk metode til å tolke kjende og ukjende verk 

Generell kompetanse 

Studenten 

  • skal gjennom bacheloroppgåva ha oppnådd røynsle med å jobbe med nyare kunsthistorisk materiale 
  • kan framstille fagstoff frå nyare kunsthistorie på sjølvstendig vis, t.d. som kunstkritikar og kunstformidlar 
  • kan fungere som kurator innan nyare kunst 

Krav til forkunnskapar

-

Tilrådde forkunnskapar

KUN106 og KUN108

Studiepoengsreduksjon

KUN260 kan overlappe med enten KUN252KUN254 eller KUN255

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.

Arbeids- og undervisningsformer

Forelesingar og/eller seminar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studentane må møte til minst 75% av undervisinga.  

Det er obligatorisk å levere utkast til bacheloroppgåva til rettleiing to gonger i semesteret til oppsette fristar. Fristane vert publiserte på Mitt UiB. 

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsform:  Rettleidd bacheloroppgåva over eit tema innafor rammene av emnet. Omfanget på oppgåva skal vere 4500-5000 ord. 

Hjelpemiddel til eksamen

-

Karakterskala

Karakterskala A-F. 

Vurderingssemester

Vår. Det er òg vurdering tidleg i haustsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav. 

Litteraturliste

Pensum er på om lag 1000 sider og består av fellespensum og sjølvvalt pensum i høve til bacheloroppgåva. 

Litteraturlista vil vere klar innan 01.12.  

Emneevaluering

Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem. 

Programansvarleg

Programstyret for kunsthistorie. 

Emneansvarleg

-

Administrativt ansvarleg

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium.