Kunst, arkitektur og visuell kultur i moderne og samtid

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet har som mål å gi ei tematisk fordjuping innan eit spesifikt tema knytt til kunst, arkitektur og/eller visuell kultur, til dømes fotografi, i perioden frå 1750 til i dag. Sjølve bacheloroppgåva kan ta utgangspunkt i sentrale problemstillingar i kunstnarskap og kunstnarlege uttrykk, drøfte teoretiske problem knytte til arkitektur, biletkunst, fotografi eller annan visuell kultur, fokusere på utstillingspraksisar, eller anna. Kva fordjupingar som er aktuelle, vil avhenge av ramma for emnet det enkelte semester.

Det tematiske tyngdepunkt vil variere frå semester til semester. Sentrale rammer kan vere å diskutere samtidskunstens ulike former, moderne praksisar og teori knytt til i biletkunst, arkitektur, fotografi eller andre visuelle uttrykk, eller å fokusere på spesifikke kritiske perspektiv knytte til kjønn, globalisering og mangfald, eller ny teknologi og nye medium.

Temaet for KUN260 våren 2024 er "fotografi, helse, liv og død".

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:

Kunnskap

Studenten

  • har ei fordjuping innanfor kunsthistoria, arkitekturteori og/eller visuell kultur i moderne tid og/eller samtida
  • har kunnskap om teoretiske posisjonar innanfor fordjupingsemnet

Ferdigheiter

Studenten

  • kan reflektere kritisk i høve til estetiske og etiske spørsmål
  • kan nytte kunsthistorisk metode til å tolke kjende og ukjende verk

Generell kompetanse

Studenten

  • skal gjennom bacheloroppgåva ha oppnådd røynsle med å jobbe med nyare kunsthistorisk materiale
  • kan framstille fagstoff frå nyare kunsthistorie på sjølvstendig vis, t.d. som kunstkritikar og kunstformidlar
  • kan fungere som kurator innan nyare kunst

Studiepoeng, omfang

15 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen.
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
KUN260 kan overlappe med enten KUN252, KUN254 eller KUN255
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer
Forelesingar og/eller seminar.
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studentane må møte til minst 75% av undervisinga.

Det er obligatorisk å levere utkast til bacheloroppgåva til rettleiing to gonger i semesteret til oppsette fristar. Fristane vert publiserte på Mitt UiB.

Dei obligatoriske aktivitetane er gyldige i undervisningssemesteret.

Vurderingsformer
I emnet nyttar ein følgjande vurderingsform: Rettleidd bacheloroppgåva over eit tema innafor rammene av emnet. Omfanget på oppgåva skal vere 4500-5000 ord.
Karakterskala
Karakterskala A-F.
Vurderingssemester
Vår. Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret. Ny eksamen påfølgande semester berre for studentar med rett til ny vurdering.
Litteraturliste

Pensum er på om lag 1000 sider og består av fellespensum og sjølvvalt pensum i høve til bacheloroppgåva.

Litteraturlista vil vere klar innan 01.12.

Emneevaluering
Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ikkje relevant.
Programansvarleg
Programstyret for kunsthistorie
Emneansvarleg
-
Administrativt ansvarleg
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium