Hjem
Utdanning
Masteremne

Kunsthistorie: prosjektførebuing og oppfølging

Studienivå (studiesyklus)

Master.

Undervisningsstad

Bergen.

Mål og innhald

Emnet er ein praktisk og teoretisk innføring i forskingsarbeid og akademisk kultur. Tema for kurset er litteratursøk og referansesystem, digitale verktøy og elektronisk bruk av bilete, kunstvitskaplege metodar og framstillingsformer. Tema for seminaret er aktuelle forskingsfelt for ei mastergradsoppgåve. Her møter studentane vitskapleg tilsette og forskingsmiljø og kulturinstitusjonar som samarbeider med fagmiljøet.

Emnet skal gje studentane ei djupare forståing av forsking generelt og i kunsthistorisk forsking spesielt.

Læringsutbyte

Emnet gjev kompetanse i vitskapeleg forsking og framstilling.

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

Bachelor med spesialisering i kunsthistorie, eller tilsvarande.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved masterprogrammet i Kunsthistorie.

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesingar og seminar

Om del melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan vere aktuelt vil studentane får informasjon om det ved semesterstart, og før semesterregistreringsfrista 1. februar / 1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studenten skal delta på eit kurs og eit seminar. Deltaking på kurset og seminaret er obligatorisk, og blir godkjend med 20 prosent fråvær.

Studenten skal halde eit munnleg innlegg på seminaret om eit sjølvvald emne for ei masteroppgåve. Det munnlege innlegget skal ikkje vara lenger enn 30 minutt. Studenten får rettleiing etter behov av ein kontaktperson/mellombels rettleiar som fagkoordinator oppnemnar.

Vurderingsformer

På bakgrunn av det munnlege innlegget og rettleing skal studenten utarbeide ei prosjektoppgåve. Prosjektoppgåva utgjer endeleg vurdering i emnet. Omfanget av prosjektoppgåva er 3000 ord, sett opp i tekst med halv annan linjeavstand og 12 punkt Times eller liknande skrifttype. Prosjektoppgåva skal leverast til ein oppgitt frist.

Karakterskala

Bestått/ikkje bestått

Emneevaluering

Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

E-post: studierettleiar@lle.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Oppgåve

    Innleveringsfrist
    28.11.2019, 13:00
    Trekkfrist
    07.11.2019
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen