Hjem
Studentsider
Masteremne

Historiografi og teori

Undervisningssemester

Haust

Mål og innhald

Emnet er obligatorisk i mastergraden i kunsthistorie.

Emnet tek opp sentrale figurar og tema i kunsthistorisk vitskapshistorie og sentrale tolkingsproblem i kunsthistorisk forsking

Læringsutbyte

Emnet tek sikte på å gje studentane grunnleggjande teoretisk og historiografisk kunnskap med vekt på nokre sentrale forfattarar og deira hovudtema. Gjennom arbeidet med heimeeksamenen skal studentane dessutan syna at dei på tilfredstillande vis kan gjera bruk av argumentasjonsmåtar og framstillings- og dokumentasjonsteknikkar i kunsthistorisk forsking i dag.

Krav til studierett

 Studenten må vera tatt opp på mastergradsstudiet i kunsthistorie. Emnet kan etter søknad til instituttet også takast av studentar med andre spesialiseringar i bachelorgraden. Sjå den generelle delen av studieplanen.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga baserer seg på aktiv deltaking frå studentane si side og vert gjeven i form av førelesingar og seminar.

Vurderingsformer

7-dagars heimeeksamen om lag 4000 ord og justerande munnleg prøve. Ordinær eksamen vert halde kvart semester.

Grunna koronasituasjonen fell justerande munnleg prøve bort hausten 2020.

Karakterskala

A-F, der A er best

Litteraturliste

Pensum er på om lag 1000 sider.

Emneevaluering

Emnet vert evaluert jamleg.

Kontakt

Kontaktinformasjon

E-post: studierettleiar@lle.uib.no

Tlf: 55 58 24 00 (Instituttekspedisjonen)

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Heimeeksamen

    Oppgave utleveres
    12.11.2020, 13:00
    Innleveringsfrist
    19.11.2020, 13:00
    Trekkfrist
    29.10.2020
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen