Hjem
Utdanning
Masteremne

Kunsthistorie mastergradsoppgåve

Studienivå (studiesyklus)

Master.

Undervisningssemester

Haust/Vår

Undervisningsstad

Bergen.

Mål og innhald

Masteroppgåva er tyngdepunktet i masterstudiet. Arbeidet skal vera forskingsprega, og skal munne ut i ei sjølvstendig, vitskapeleg undersøking og framstilling av eit kunsthistorisk materiale eller eit teoretisk problem innanfor visuell kultur i vid tyding.

Mastergradsstudiet tek sikte på å gje ei grundig innføring i kunsthistoriske og vitskaplege problemstillingar, og i kunstvitskapelege metodar og framstillingsformer. Gjennom arbeidet med mastergradsoppgåva skal studentane dokumentera at dei kan finne fram til og avgrense problemstillingar, og arbeide systematisk og metodisk innanfor presise faglege rammer.

Læringsutbyte

Mastergradsstudiet gir spesialkompetanse i kunsthistorie og allmenn forskingskompetanse som kan kome til nytte ved seinare arbeid i kulturinstitusjonar og kunnskapsbedrifter av ulike slag.

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

Fullført kursdel for mastergraden i kunsthistorie.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved masterprogrammet i Kunsthistorie

Arbeids- og undervisningsformer

Masterstudentar får oppnemnd fast rettleiar etter at kurset KUN 311: Prosjektførebuing er godkjend (sjå emneomtale).

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Alle mastergradsstudentar må skriva kontrakt med fakultetet og institituttet, der rettar og plikter er presiserte.

Vurderingsformer

Mastergradsoppgåva er eit skriftleg arbeid som byggjer på eit sjølvstendig studium av eit forskingsfelt. Oppgåva skal vera på 70-90 tekstsider (23000-33000 ord) og skal svara til ein samla arbeidsinnsats på to semester (60 studiepoeng).

Mastergradsoppgåva skal leverast i elektronisk format og innan dei fristar fakultetet har fastsett. Etter at oppgåva er godkjend og evaluert, går kandidaten opp til ein munnleg eksamen som er knytt til oppgåva. Munnleg eksamen kan justera karakteren for mastergradsoppgåva med éin karakter opp eller ned.

Karakterskala

Karakterskala frå A til F, der E er siste ståkarakter

Emneevaluering

Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

E-post: studierettleiar@lle.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Masteroppgåve og justerande munnleg eksamen

    Trekkfrist
    06.11.2019
    • Eksamensdel: Masteroppgåve

      Innleveringsfrist
      20.11.2019, 13:00
    • Eksamensdel: Justerande munnleg eksamen