Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Innføring i kulturvitskap

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

 Bachelor

Undervisningssemester

 Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Kulturvitskapen studerer dagleglivets kultur, det vil seie førestillingar, trusoppfatningar, verdiar og haldningar som styrer våre handlingar i kvardagen. Emnet gir ei innføring i kulturvitskapens tenkemåte ved å analysera utvalde tema som er sentrale i faget, som til dømes kulturarv, populærkultur, etnistitet og helse. Kulturelle prosessar i samtid og fortid vert presentert og dannar utgangspunkt for diskusjonar om betydinga av kultur i våre liv.

Emnet tar sikte på å gi ei innføring i kulturvitskaplege perspektiv og problemstillingar. Emnet skal gi studentane kunnskapar dei kan byggja på ved seinare studiar i kulturvitskap.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten - har tileigna seg kunnskapar om utvalde kulturelle tema.

- har fått grunnleggjande innsikt i kulturvitskaplege tenkjemåtar.

Ferdigheiter

Studenten - har tileigna seg oversikt over viktige tema i faget og kan skriva ein resonnerande tekst som omhandlar desse tema.

Generell kompetanse

Studenten - kan diskutera faglege tema innafor kulturvitskapen med andre med bakgrunn frå fagområdet.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Studiepoengsreduksjon

 Ingen

Krav til studierett

 Emnet er ope for studentar med studierett på UiB.

Arbeids- og undervisningsformer

Forelesingar og seminar.

Det er frivillig å levere inn utkast til semesteroppgåve. Innleveringsfrist blir annonsert på Mitt UiB. Faglærar gir tilbakemelding på innleverte utkast.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ingen

Vurderingsformer

Eksamen er ei skriftleg semesteroppgåve. Lengda på oppgåva skal vere om lag 1500 ord. 

Hjelpemiddel til eksamen

-

Karakterskala

 Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Haust og vår

Litteraturliste

Pensum er om lag 800-1000 sider.

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Studentane vil med jamne mellomrom bli bedne om å evaluere emnet.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet v/ Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Oppgåve

    Innleveringsfrist
    08.11.2022, 13:00
    Trekkfrist
    25.10.2022
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen