Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Migrasjon og mangfald

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår (undervisning bytta frå haust til vår)

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Målet med emnet er å gi studenten kunnskap om migrasjonsprosessar, ulike kulturelle livsverder og livserfaringar, ut frå eit mangfaldsperspektiv. Vi lever i ei tid med omfattande folkeflyttingar, frå det fattige sør, frå krigssonar og frå land ramma av økonomiske kriser. Desse migrasjonsrørslene kan ha dramatiske følgjer for dei som flyttar, samtidig som dei skaper djuptgåande endringar i våre skandinaviske samfunn.

Omgrep som integrering, multikulturalisme, diaspora og etniske konfliktar står sentralt i dagens offentlege ordskifte, ofte som del av lokale politiske konfliktar og utan at dei globale samanhengane blir utdjupa. Emnet gir teoretisk og empirisk innsikt i migrasjonsprosessar i fortid og notid med utgangspunkt i kulturelle perspektiv.

Emnet gir studentane innsikt i ulike teoretiske tilnærmingar til feltet migrasjon, migrasjonsprosessar og mangfald. Studentane skal gjera greie for korleis migrasjonsrørsler kan endra demografiske, økonomiske og sosiale strukturar. Dessutan skal studentane få kunnskap om tilhøvet mellom migrasjonsrørsler og etnisk mangfald.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap
Studenten:

- har kunnskap om migrasjonsprosessar og migrasjonsrørsler i eit fortids- og notidsperspektiv.

- har kunnskap om kulturelt mangfald og korleis migrantar lever sine live på tvers av politiske, sosiale og kulturelle grenser.

- har kunnskap om korleis etniske konfliktar oppstår og blir haldne ved like.

Ferdigheiter
Studenten:

- kan drøfte kulturvitskaplege teoriar og perspektiv knytt til migrasjonsprosessar, migrasjonsrørsler, nasjonalitet og diaspora.

Generell kompetanse
Studenten:

- kan reflektere og diskutere etiske utfordringar knytt til mangfald, etniske relasjonar og konfliktar.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Studiepoengsreduksjon

KUVI253

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar med studierett ved UiB. Eksamen er open for personar utan studierett etter søknad til Det humanistiske fakultet, sjå: http://www.uib.no/hf/utdanning/opptak/saerskilt-eksamen-ved-det-humanistiske-fakultet

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga blir gitt i form av forelesingar og seminar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ingen

Vurderingsformer

Eksamen er ein 6 timars skuleeksamen.

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Vår / haust

Litteraturliste

Instituttet utarbeider pensumlister, pensum er på 1200 - 1500 sider.

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Studentane vil med jamne mellomrom bli bedne om å evaluera emnet.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Administrativt ansvarleg

Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar@ahkr.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skoleeksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen. Eksamenslokale publiseres 14 dager før eksamen. Kandidatene finner sin egen romplassering på Studentweb 3 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Skriftleg skoleeksamen

    Dato
    26.09.2019, 09:00
    Varigheit
    6 timer
    Trekkfrist
    12.09.2019
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen
    Sted