Forteljing og fortolking frå folkeeventyr til falske nyheiter
- Studiepoeng15
- UndervisingssemesterHaust
- EmnekodeKUVI104
- Talet på semester1
- SpråkNorsk.
- Ressursar
Hovedinnhold
Studiepoeng, omfang
15
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor
Undervisningssemester
Haust
Undervisningsstad
Bergen
Mål og innhald
Menneske kommuniserer i stor grad gjennom forteljingar. Studiet av forteljingsstrukturar og former eller sjangrar gir derfor eit innblikk i korleis menneske forstår og fortolkar verda rundt seg. Emnet gir ei innføring i kulturvitskaplege teoriar som kan brukast til å forstå korleis vi fortel, korleis vi presenterer oss sjølve gjennom forteljingar og korleis omverda blir fortolka gjennom forteljingar. Det blir gjort gjennom ein introduksjon til ein 200 år lang forskingstradisjon frå brørne Grimm og Asbjørnsen og Moe sine innsamlingar av eventyr og segner til studiet av forteljing og sjølvpresentasjon i sosiale medium i dag. Emnet gir både ei innføring i studiet av innhald og form i forteljingar, og korleis forteljingar blir framført i kvardagslivet. Forteljingar blir alltid formidla gjennom eit medium, som stemma, boka, TV og internett. I dette emnet blir det lagt vekt på korleis ulike medium påverkar forteljinga si form, innhald og sosiale betyding.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten
- har innsikt i korleis menneske forstår og fortolkar verda gjennom forteljingar.
- har grunnleggande kunnskap om forteljingsteori.
- har kunnskap om både kulturhistoriske og kulturanalytiske forteljingsanalysar.
- har kunnskap om forteljingsstrukturar, sjangrar og framføringsmåtar.
- har grunnleggjande forståing av kva slags posisjon forteljingar har i mediesamfunnet i dag.
Ferdigheiter
Studenten
- har eit grunnlag for å utføre narrative analysar av tekst, tale eller andre forteljande medieuttrykk.
Generell kompetanse
Studenten
- har ei forståing av omgrep og teoretiske perspektiv som er grunnleggande i kulturvitskapen, og som kan brukast nokså allment som reiskap til å forstå kulturelle fenomen i fortid og notid.
Krav til forkunnskapar
Ingen.
Tilrådde forkunnskapar
Ingen.
Studiepoengsreduksjon
Fullt overlapp med KUVI259
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar med studierett ved UiB.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisning blir gitt gjennom forelesingar og seminar.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Det er ingen obligatoriske aktivitetar. Studenten kan sjølv velje å levere inn eit førsteutkast av semesteroppgåva til ei fastlagd frist.
Vurderingsformer
Eksamen er ei skriftleg semesteroppgåve på om lag 3000 ord.
Hjelpemiddel til eksamen
-
Karakterskala
Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Haust/vår
Litteraturliste
Litteraturlista er på om lag 1200-1500 sider.
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Studentane vil med jamne mellomrom bli bedne om å evaluera emnet.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Administrativt ansvarleg
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.
Kontakt
Eksamensinformasjon
Vurderingsordning: Semesteroppgåve
- Innleveringsfrist
- 01.03.2022, 13:00
- Trekkfrist
- 15.02.2022
- Eksamenssystem
- Inspera
- Digital eksamen