Tinga og vi. Materialitet og meining

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Fagleg innhald

Menneske omgir seg med ting og lever sine liv i tett omgang med dei materielle omgjevnadane. Det gjeld både korleis ein bruker, forstår og skapar ulike kategoriar som stader, minner, monumentar og ulike bruksting. Den fysiske omverda dannar rammer for daglege gjeremål, for korleis ein uttrykkjer seg og for korleis ein skaper band til andre. Det materielle dannar kort sagt praktiske, meiningsskapande og eksistensielle føresetnader for korleis ein lever. Emnet gir ei innføring i kulturvitskaplege teorier om det materielle som kulturelt fenomen. Dette inneber å studere endringer relatert både til materielle forståingar i fortid og notid, i private og offentlege samanheng. Læringsmål Emnet skal gje ei innføring i kva betyding materielle omgjevnader og gjenstandar har i vårt daglegliv, i forming og forståing av våre omgjevnader. Emnet skal lære studentane å sjå det materielle som kulturelle fenomen.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap Studenten

  • har kunnskap om det materielle si kulturelle meining og kjenna til forskingslitteratur på feltet.

Ferdigheiter Studenten

  • har fått øving i å analysera materielle og kulturelle uttrykk og å formidla resultatet i skriftleg og munnleg form.

Generell kompetanse Studenten

  • har lært å kommunisera om faglege tema med andre med bakgrunn innan det same fagområdet.

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Studentane må kunne lese pensum på skandinaviske språk og engelsk, i tillegg til norsk.
Studiepoengsreduksjon
Fullt overlapp med KUVI255
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar med studierett på UiB.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga blir gitt gjennom forelesingar og seminar. Undervisninga går føre seg i siste del av semesteret.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Det er obligatorisk å levere inn ei øvingsoppgåve på om lag 1500 ord. Obligatoriske aktivitetar er gyldige i to semester etter det undervisningssemesteret dei vart godkjende.
Vurderingsformer

Heimeeksamen på 7 dagar. Oppgåva skal vere på om lag 3000 ord.

Obligatoriske aktivitetar må vera gjennomførte for at studenten kan gå opp til eksamen..

Karakterskala
Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Haust/vår
Litteraturliste

Litteraturlista er på om lag 1200-1500 sider.

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.

Emneevaluering
Studentane vil med jamne mellomrom bli bedne om å evaluera emnet.
Hjelpemiddel til eksamen
-
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Administrativt ansvarleg
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.