Kjønn, seksualitet, kultur

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet rettar søkelys på den kulturelle konstruksjonen av kjønn og seksualitetar og søker å avdekke dei kulturelle mønstra som er med på å forme individa til dei tilsynelatande faste kategoriane mann og kvinne, hetero og homo. Emnet fokuserer på korleis meiningsinnhaldet i kjønns- og seksualitetskategoriane blir produsert, reprodusert og eventuelt endra. Teoretisk vil emnet trekke vekslar på kulturteori og generell kjønnsteori.

Emnet tek sikte på å gi ei innføring i korleis kjønn og seksualitet kan analyserast frå eit kulturvitskapleg perspektiv, både i vår eiga tid og i andre historiske periodar. Sentrale spørsmål dreier seg om kulturelle konstruksjonar og iscenesetjingar av kjønn og seksualitetar.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap:

Studenten

  • har kunnskap om ulike måtar å analysera kjønn og seksualitet på ut frå eit kulturvitskapleg perspektiv.

Ferdigheiter:

Studenten

  • har kjennskap til relevante problemstillingar og forskingsarbeid innan fagområdet.
  • kan gripe dei overordna perspektiva i faglitteraturen og formidle desse.

Generell kompetanse:

Studenten

  • kan setje seg inn i ein omfattande faglitteratur, og kan skriva ein lengre resonnerande tekst på bakgrunn av denne.

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor.

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Studentane må kunne lese pensum på skandinaviske språk og engelsk, i tillegg til norsk.
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar med studierett ved UiB. Emnet har begrensa antal plassar. Dersom det er fleire oppmelde enn antal plassar, vil studentar på bachelorprogrammet i kulturvitskap bli prioriterte.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisinga blir gjeve i form av førelesingar og seminar. Det vert lagt opp til intensive undervisningsperiodar med pausar mellom. Sjå timeplanen for detaljar.
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studenten må gjennomføre obligatoriske fleirvalsprøver (multiple choice test) som blir vurdert til godkjend/ikkje godkjend.

Obligatoriske aktivitetar er gyldige i to semester etter det undervisingssemesteret dei vart godkjende.

Vurderingsformer

Eksamen er ein 5 dagars heimeeksamen. Oppgåva skal ha eit omfang på om lag 3000 ord.

Obligatoriske arbeidskrav må vera godkjende for at studenten skal kunna møta til eksamen.

Karakterskala
Det blir nytta bokstavkarakterar på ein skala frå A til F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Vår / haust
Litteraturliste

Instituttet utarbeider litteraturliste, pensum er på 1200 - 1500 sider.

Litteraturlista for vårsemesteret vil vere klar innan 1.12.

Emneevaluering
Studentane vil med jamne mellomrom bli bedne om å evaluera emnet.
Hjelpemiddel til eksamen
Ikkje relevant.
Programansvarleg
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap
Emneansvarleg
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap
Administrativt ansvarleg
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap