Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Hekseprosessene og den magiske verda

  • Studiepoeng15
  • UndervisingssemesterVår, Haust
  • EmnekodeKUVI107
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk
  • Ressursar

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Emnet vil bli tilbydd når det er ressursar til det.

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Læringsmål

Emnet tek sikte på å gi ei kulturvitskapleg innføring i viktige trekk ved dei norske og europeiske hekseprosessane i tidleg nytid (ca. 1500-1700) med utgangspunkt i aktørane sitt magiske verdsbilete. Målet er å gi grunnleggjande kunnskap om årsakene til hekseprosessane. Emnet legg vekt på folketru, kriminalisering av magi og folkemedisin, kvinneundertrykking, ryktespreiing, kyrkjas og religionens rolle, makt og motmakt.

Fagleg innhald

Emnet rettar søkjelys mot dei store hekseprosessane i Noreg og Europa i tidleg nytid. Emnet vil både leggje vekt på konkrete analysar av einskilde prosessar og meir makrohistoriske og komparative perspektiv. Hekseprosessane vert analyserte i lys av spenningar og konfliktar mellom folkekultur og elitekultur, magiske element i folk sine kvardagspraksisar og rolla til kyrkja og rettsapparatet. Teoretisk vil emnet basere seg på kulturhistoriske og folkloristiske perspektiv.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Ved fullført emne har studentane kunnskap om viktige sider ved hekseprosessane og det magiske verdsbildet i tidleg nytid. Dei har òg kunnskap om dei store variasjonane i hekseforfølginga frå land til land og i ulike historiske periodar.

Ferdigheiter

Studentane har kunnskap om relevante problemstillingar og nyare forsking om hekseprosessane og den magiske verda i tidleg nytid.

Generell kompetanse

Studentane kan skrive ein resonnerande tekst om hekseforfølginga og kan formidle denne kunnskapen til eit breiare publikum.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Studiepoengsreduksjon

KUVI257

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar med studierett ved UiB. Eksamen er ope for personar utan studierett etter søknad til Det humanistiske fakultet, sjå: http://www.uib.no/hf/utdanning/opptak/saerskilt-eksamen-ved-det-humanistiske-fakultet

Arbeids- og undervisningsformer

 Undervisninga blir gitt i form av forelesingar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ingen

Vurderingsformer

Eksamen er ein 6 timars skuleeksamen.

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Litteraturliste

Instituttet utarbeider pensumliste. Pensum er på 1200 - 1500 sider.

Emneevaluering

Studentane vil med jamne mellomrom bli bedne om å evaluera emnet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

studierettleiar@ahkr.uib.no