Bacheloroppgåve i kulturvitskap

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet er obligatorisk i ei spesialisering i kulturvitskap. Emnet skal gi studentane god kjennskap i kulturvitskaplege problemstillingar og metode gjennom sjølvstendig utforsking av eit tema. Dette skal resultere i ei bacheloroppgåve. I samråd med rettleiar vel studenten tema for bacheloroppgåva. I oppgåva skal studenten gjennomføre ein empirisk analyse av eit valt materiale.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap:

Studenten

  • har kunnskapar om metode og om korleis eit forskingsarbeid kan gjennomførast.
  • har kunnskapar om sentrale teoriar og forsking innan den sjølvvalde tematikken til bacheloroppgåva.

Ferdigheiter

Studenten

  • kan utvikle, avgrense og formulere fruktbare kulturvitskaplege problemstillingar innan temaet.
  • har ferdigheiter i å kartlegge kva forskingslitteratur og empiri som er relevant for problemstillinga.
  • har ferdigheiter i metode, kan analysere forskingslitteratur/empiri, gjengi og vere i dialog med forskingslitteraturen og trekke eigne konklusjonar på grunnlag av dette, formidla i skriftleg arbeid.

Generell kompetanse:

Studenten

  • har grunnleggande kompetanse i å utvikle og gjennomføre eit lengre sjølvstendig skriftleg arbeid.
  • kan resonnere, syntetisere og dokumentere eit fagleg akademisk arbeid.

Fulltid/deltid

-

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Studenten må ha avlagt minst 45 studiepoeng i kulturvitskaplege emne for å kunne melde seg opp til KUVI250.
Tilrådde forkunnskapar
Studentane må kunne lese pensum på skandinaviske språk og engelsk, i tillegg til norsk. Det er tilrådd at studentane har tatt eksamen i KUVI101, KUVI104 og KUVI105 før dei går i gang med bacheloroppgåva.
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Emnet er ope for alle studentar med studierett ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga skjer gjennom førelesingar, seminarverksemd/ grupperettleiing og individuell rettleiing. Arbeidet med emnet er konsentrert om utarbeiding av bacheloroppgåva.

Undervisninga vil fokusere på oppgåveskriving, metode og kulturvitskapleg analyse. Studentane får tildelt rettleiar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er obligatorisk å delta 60 % på seminar, levere inn minst 2 tekstar, og kommentere minst to av tekstane til dei andre studentane som deltar på emnet.

Vidare er det obligatorisk å møte til to individuelle rettleiingar.

Lista over sjølvvald litteratur skal godkjennast av rettleiar.

Studenten må få godkjent dei obligatoriske aktivitetane for å kunne gå opp til eksamen.

Vurderingsformer

Rettleidd oppgåve (bacheloroppgåve) med justerande munnleg eksamen.

Bacheloroppgåva skal ha eit omfang på om lag 6000 ord. Justerande munnleg eksamen kan justere karakteren på oppgåva med éin bokstavkarakter.

Karakterskala
Ved sensur nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Vår og haust
Litteraturliste
Obligatorisk litteratur for emnet vil være på 600 - 750 sider hentet frå litteraturlisten. Studentane skal i tillegg leggja opp eit pensum på ca. 600-750 sider som omhandlar det sjølvvalde temaområdet.
Emneevaluering
Emnet blir evaluert jamleg, i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Programansvarleg
Programstyret for bachelorprogram i kulturvitskap
Emneansvarleg
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap
Administrativt ansvarleg
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap