Hjem
Utdanning
Masteremne

Frå teori til metode

Studienivå (studiesyklus)

300-nivå

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Dette er eit kulturvitskapleg ferdigheitsemne. Studenten skal sette seg inn i kulturteori for å bruke den som analytisk verktøy på eit empirisk materiale. Sentrale kulturteoriar blir presentert gjennom førelesingar i første halvdel av semesteret, mens andre del består av seminar. På seminara skal kvar enkelt student bruke eit av dei teoretiske perspektiva på eit sjølvvalt materiale.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  • Har spesialkompetanse innan kulturvitskapleg teori og metode.
  • Kan grunngi sine val av kulturvitskaplege innfallsvinklar i arbeidet med eit empirisk materiale.
  • Kan plassere kulturteorien inn i humanistiske kunnskapstradisjonar
  • Har gode kunnskapar om ulike fagtradisjonar innanfor kulturvitskap.


Ferdigheiter


Studenten

  • Kjenner til og kan diskutere ulike definisjonar av kultur og nærliggande omgrep som fortelling, tradisjon, materialitet og praksis.
  • Kan bruke kulturteori til å analysere eit konkret empirisk materiale.
  • Kan diskutere kulturteoriar og legge fram grunngitte vurderingar av dei, skriftleg og munnleg.

Generell kompetanse

Studenten

  • Kan forstå og fortolke kulturell kompleksitet, endring og stabilitet.
  • Kan formidle eigen kunnskap skriftlig og munnleg.

Tilrådde forkunnskapar

Gode kunnskapar i engelsk og grunnleggande kunnskapar i kulturvitskap.

Krav til studierett

Opptak til eit masterprogram ved det humanistiske fakultet ved UiB.

Arbeids- og undervisningsformer

Forelesingar eller seminar

Obligatorisk undervisningsaktivitet

På seminara skal kvar student legge fram ei analyse av eit sjølvvalt empirisk materiale, basert på ein kulturteori i pensum. Ein skriftleg versjon av analysen skal leggast ut i Mitt UiB saman med det valde kjeldematerialet til fastlagt tid.

Det er obligatorisk å møte opp på seminara.

Vurderingsformer

Munnleg eksamen

Karakterskala

Bestått / Ikkje bestått

Vurderingssemester

Haust / vår

Litteraturliste

Pensum er på 1200 - 1500 sider.

Emneevaluering

Studentane vil med jamne mellomrom bli bedne om å evaluera emnet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar@ahkr.uib.no

Eksamensinformasjon