Hjem
Utdanning
Masteremne

Kulturvitskap: Prosjektskildring

Studienivå (studiesyklus)

300-nivå

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Målet med emnet er utforming av prosjektskildring for den individuelle masteroppgåva. Studenten skal velje tema for oppgåva, setje seg inn i relevant forsking på området som vert valt, avgrense eiga undersøking og formulere ei fagleg relevant problemstilling. Gjennom seminar og individuell rettleiing skal studenten arbeide med å finne fram til kjeldemateriale og gjere forskingsetiske vurderingar om bruken av det. Prosjektskildringa skal også omfatte val av metodiske og teoretiske perspektiv som skal brukast i masteroppgåva.

Læringsutbyte

Kunnskap

Studenten

  • Har kompetanse til å setje seg inn i eit forskingsfelt.
  • Kan gjennomføre litteratursøk knytt til eit avgrensa fagleg felt eller ein tematikk.
  • Kan formulere og avgrense ei kulturvitskapleg problemstilling

Ferdigheiter

Studenten

  • Kan vurdere kritisk kva slags kjeldemateriale som er føremålstenlege for å svare på bestemte kulturvitskaplege problemstillingar.
  • Kan utforme og planlegge eit kulturvitskapleg forskingsprosjekt.


Generell kompetanse

Studenten

  • Kan arbeide systematisk med kjelder og litteratur som ledd i skriving av fagtekstar.
  • Kan gjere forskingsetiske vurderingar i samband med planlegginga av eit forskingsprosjekt.
  • Kan utarbeide ei prosjektskildring.

Krav til forkunnskapar

Spesialisering i kulturvitskap

Tilrådde forkunnskapar

Gode kunnskapar i engelsk og grunnleggande kunnskapar i kulturvitskap.

Krav til studierett

Opptak til masterprogrammet i kulturvitskap

Arbeids- og undervisningsformer

Seminar, samt individuell rettleiing og rettleiing i gruppe.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Levere ein oppgåve på 1500 ord som skildrar det forskingsfeltet som knytt seg til studentanes individuelle masterprosjekt.

Vurderingsformer

Eksamensoppgåva er ei prosjektskildring på maks 4000 ord.

Karakterskala

Greidd / ikkje greidd.

Vurderingssemester

Vår

Litteraturliste

Pensum skal setjast opp i samråd med emneansvarleg og skal vera på 1200 - 1500 sider.

Emneevaluering

Studentane vil med jamne mellomrom bli bedne om å evaluera emnet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar@ahkr.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Prosjektskildring

    Innleveringsfrist
    15.11.2019, 13:00
    Trekkfrist
    26.10.2019
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen