Hjem
Utdanning
Masteremne

Kulturvitskap: Kvalitativ metode og forskingsetikk

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Kurset gir eit grunnlag for å arbeide med metodiske og forskingsetiske problemstillingar, som kan verte aktuelle i masteroppgåva. Det er altså ein klar fordel om studenten har vald tema for masterarbeidet og har skrive ei prosjektskildring. Studenten skal setje seg inn i forskingsetiske retningslinjer som gjeld for kulturvitskap og andre humanistiske fag. I semesteroppgåva skal studenten diskutere metodiske og forskingsetiske dilemma.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap
Studenten

  • har inngåande kunnskapar om kvalitative metodar og forskingsetikk.

Ferdigheiter
Studenten

  • kan nytte kunnskapar om kvalitative metodar og forskingsetikk i konkrete døme.

Generell kompetanse
Studenten

  • kan analysere relevante metodiske og forskingsetiske problemstillingar.

Tilrådde forkunnskapar

KUVI302

Krav til studierett

Opptak til eit masterprogram ved UiB.

Arbeids- og undervisningsformer

Forelesingar, seminar og rettleiing.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er obligatorisk å levere inn utkast til oppgåve og møte til rettleiing to gonger. Fristar for innlevering og rettleiing vert avtalte mellom lærar og student. Tema for oppgåva skal veljast i samråd med emneansvarleg, som også rettleier dei skriftlege utkasta.

Vurderingsformer

Eksamen er ei rettleia oppgåve på 4000 ord.

Studenter som kan dokumentere sjukdom på eksamenstidspunktet, kan ta eksamen i undervisningsfritt semester.

Karakterskala

Bokstavkarakterar, der A er høgste karakter og F er stryk.

Litteraturliste

Pensum er på 1200 - 1500 sider og skal veljast ut i samråd med emneansvarleg.

Emneevaluering

Studentane vil med jamne mellomrom bli bedne om å evaluera emnet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar@ahkr.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Oppgåve

    Innleveringsfrist
    17.10.2019, 13:00
    Trekkfrist
    23.09.2019
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen