Forsking i praksis

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Dette er eit forskingsnært emne som springer ut av pågåande forskingsprosjekt i kulturvitskap. Det tematiske innhaldet vil vere avhengig av kva forskar som underviser, og vil derfor variere. Studentane skal tileigne seg kunnskap om forskingsfeltet, samtidig som dei får eit innblikk i forskingsprosessane og materialbruken.

For omtale av temaet som vert tilbydd inneverande semester, sjå her: www.uib.no/ahkr/128606/temaomtale-kuvi305

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  • Kan bruke kunnskapane om kulturelle fenomen og prosessar for å bidra til nye innsikter om kultur og samfunn.
  • Har spesialkompetanse på eit aktuelt kulturvitskapleg forskingsfelt.

Ferdigheiter

Studenten

  • Kan fortolke og reflektere kritisk over konkrete kulturelle fenomen.
  • Kan formidle aktuell forsking.

Generell kompetanse

Studenten

  • Kan formidle kunnskap om eit forskingsfelt og bruke fagets terminologi.
  • Kan forstå og fortolke kulturell kompleksitet, endring og stabilitet.

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Studentane må kunne lese pensum på skandinaviske språk og engelsk, i tillegg til norsk.
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Opptak til masterprogrammet i kulturvitskap
Arbeids- og undervisningsformer
Forelesingar og seminar. Undervisninga går føre seg i første del av semesteret.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
To individuelle rettleiingar av oppgåva.
Vurderingsformer

Ei rettleia oppgåve på om lag 3000 ord.

Eksamensoppgåva vil bli gitt på norsk.

Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

Karakterskala
A til F, der A er høgste karakter og F er stryk.
Vurderingssemester
Haust. Der er òg vurdering tidleg i vårsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.
Litteraturliste
Pensum er på 1200-1500 sider.
Emneevaluering
Studentane vil med jamne mellomrom bli bedne om å evaluera emnet.
Hjelpemiddel til eksamen
Ikkje relevant.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Administrativt ansvarleg
Det humanistiske fakultet v/ Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.