Frå innsamling til analyse

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Dette emnet følgjer den kulturvitskaplege forskingsprosessen frå kjeldeskaping og innsamling, over analyse fram til ferdig, fagleg tekst. Studentane skal sjølv ta del i prosessen og arbeide metodisk med alle ledda i den. Undervisinga er lagt opp som intensive workshops og praktiske øvingar organisert etter materialkategoriane intervju, observasjon, arkivkjelder og nettkjelder. Forskingsetiske aspektar ved dei ulike formane for materialskaping og materialutforming skal drøftast. Besøk ved arkiv og samlingsinstitusjonar er del av undervisinga. Kulturteoriar skal takast metodisk i bruk for å analysere materialet. Gjennom øvingane og seminara vert studentane rettleia i eige arbeid med å skape ein analytisk tekst.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap:

Studenten

  • kjenner til kva som kjenneteiknar ulike typar kulturvitskapleg materiale.
  • har spesialkompetanse i analyse av kulturvitskapleg materiale.
  • har kunnskap om kulturvitskapens metodiske framgangsmåtar.

Ferdigheiter:

Studenten

  • kan velje ut og arbeide med ulike typar kjeldemateriale ut frå kulturvitskaplege problemstillingar
  • kan gjennomføre kulturvitskaplege analyser av eit empirisk materiale.

Generell kompetanse:

Studenten

  • kan vurdere eit kjeldemateriale sine moglegheiter og avgrensingar
  • kan gjere forskingsetiske vurderingar.
  • kjenner til ein kulturvitskapleg forskingsprosess frå val av tema og kjeldemateriale til ferdig analyse.

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen.
Tilrådde forkunnskapar
Fullført KUVI301. Studentane må kunne lese pensum på skandinaviske språk og engelsk, i tillegg til norsk.
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Opptak til masterprogrammet i kulturvitskap.
Arbeids- og undervisningsformer
Seminar, ekskursjonar og workshops. Undervisninga går føre seg i siste del av semesteret.
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Deltaking på metodeøvingar, skriveøvingar og ekskursjonar. Det er krav om 80 % deltaking.

Obligatoriske arbeidskrav er gyldig i to semester etter det undervisningssemesteret dei vart godkjende.

Vurderingsformer

Emnet har mappevurdering. Mappa består av tre oppgåver. Kvar oppgåve skal være på om lag 1000 ord. Oppgåvene skal leverast samla ved semesterslutt. Det blir gitt ein samla karakter, der kvar oppgåve vert vekta likt. Alle oppgåvene må vere leverte og beståtte i eitt og same undervisningssemester.

Mappa skal innehalde følgjande deler:

  • Tre notat om kjeldekategoriar som er blitt tematisert i undervisninga. Notata skal innehalde refleksjonar over det analytiske potensiale i kjeldematerialet, samt ei forskingsetisk vurdering av bruken av materialet.

Eksamensoppgåva vil bli gitt på norsk.

Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

Karakterskala
A - F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Vår / haust
Litteraturliste
Pensumlitteraturen er på 1200-1500 sider. Litteraturlista for våren vil vere klar innan 1.12.
Emneevaluering
Studentane vil med jamne mellomrom bli bedne om å evaluera emnet.
Hjelpemiddel til eksamen
Ikkje relevant.
Programansvarleg
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskapProgramstyret for masterprogrammet i kulturvitskap har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap
Administrativt ansvarleg
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap