Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Kjønn i det moderne

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

KVIK101Kjønn i det moderne er eit emne som gir innføring i feministiske og kjønnsteoretiske perspektiv og tradisjonar. Emnet er fleirfagleg, med hovudvekt på humanistiske og samfunnsvitskaplege teoriar og perspektiv.

Undervisninga gir ei grunnleggjande innføring i sentrale omgrep og spørsmål som gjeld kjønn og seksualitet innan ei rekkje fagområde. Emnet gir og ein presentasjon av den historiske utviklinga til moderne kjønnsteori som eit eget felt og eit overblikk over idear knytte til kjønn og seksualitet innan ulike teoriutviklingar.

KVIK101 er eit obligatorisk emne i bachelorgraden i kjønnsstudium.

Læringsutbyte

Kunnskapar:

Ein kandidat som har teke eksamen i KVIK101

  • har ei generell oversikt over sentrale problemstillingar i studiet av kjønn
  • kjenner til sentrale feministiske og kjønnsteoretiske perspektiv og tradisjonar

Ferdigheter:

  • kan reflektere sjølvstendig og kritisk omkring det ulike retningane innanfor kjønnsteori, samt setje dei i eit historisk og globalt perspektiv
  • kan drøfte relevansen av kjønnsteoretiske perspektiv på andre fagområde og på aktuelle problemstillingar

Generell kompetanse:

  • kan arbeide sjølvstendig med ei oppgitt problemstilling

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga vil bli gitt som førelesingar, normalt 2 dobbelttimar i veka over 12-14 veker.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.

Vurderingsformer

Mappevurdering.

Til mappa skal studenten levere to oppgåver over oppgjevne emne (på mellom 2000 og 3000 ord kvar). Båe oppgåvene skal leverast mot slutten av semesteret.

Mappa vil få ein samla karakter og båe oppgåvene skal telje omtrent like mykje for samla karakter

Karakterskala

A-F.

Litteraturliste

Pensum knytt til KVIK101 er sett saman av tekstar henta frå ulike fagområde som tek opp spørsmål knytt til kjønn og seksualitet.

Tekstane er på norsk og engelsk.

Pensum er på om lag 1000 sider.

Emneevaluering

Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Senter for kvinne- og kjønnsforskning
E-post: studieveileder@skok.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Mappevurdering

    Innleveringsfrist
    29.05.2019, 13:00
    Trekkfrist
    15.05.2019
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen