Likestilling og mangfald

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet gir ei grunnleggande innføring i sentrale omgrep og debattar innan likestillingsfeltet, med særskilt vekt på tilhøvet mellom likestilling og mangfald, samt ei brei innføring i likestillingas historie. Dagens likestillingsdebatt og -lovgjeving opererer med ei rekkje ulike diskrimineringsgrunnlag, så som kjønn, etnisk bakgrunn, klasse, rase, språk, religion, seksuell orientering, funksjonsevne og alder. Emnet tar sikte på å lære studentane å analysere tilhøvet mellom desse kategoriane frå forskjellege teoretiske perspektiv, samt å øva dei i å identifisere dei praktiske og teoretiske utfordringane som fylgjer av samspilla mellom dei ulike diskrimineringsgrunnlaga. Det vil bli lagt særskilt vekt på dei historiske, strukturelle og ideologiske føremona for endringar i forståinga av likestilling og i korleis likestilling vert handsama i praksis. Førestillinga om likestilling vil og bli drøfta i forhold til andre verdiar, som menneskerettar, demokrati, fridom og forskjell. Undervisninga tek utgangspunkt i norsk lovgjevnad og praktiske døme. Disse vil bli undersøkt kritisk og i eit historisk og globalt perspektiv.

Læringsutbyte

Ein kandidat som har teke eksamen i KVIK102

Kunnskapar

- Har kunnskap om sentrale omgrep og debattar innan likestillingsfeltet

- Har kunnskap om tilhøvet mellom likestilling og mangfaldsproblematikk.

- Har kunnskap om likestilling og mangfold i et historisk og globalt perspektiv.

Ferdigheiter

- Kan forholda seg sjølvstendig og kritisk til sentrale problemstillingar innen likestillings og mangfoldsfeltet.

- Kan diskutere norsk likestillingsdebatt i eit historisk og komparativt perspektiv

- Kan analysera tilhøvet mellom ulike diskrimineringsgrunnlag frå ulike teoretiske perspektiv

Generell kompetanse

- Kan orientere seg i faglitteratur og i offentlege dokument og formidle kunnskapar og synspunkt frå desse kjeldene.

- Kan bruke faglege perspektiv til å tenke kritisk og analytisk om samfunnsaktuelle tema.

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Emnet er ope for alle studentar med studierett ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer

Undervisningen vil skje i form av forelesninger, og kan også omfatte aktiv deltakelse frå studentene i form av for eksempel gruppediskusjoner og studentfremlegg, normalt 2 timar i veka i 12-14 veker.

Studentane får tilbod om å levere ei øvingsoppgåve og om tilbakemelding på denne.

Om det melder seg færre enn fem studentar kan det innføras redusert undervisning, jamfør retningsliner for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ein breiddetest med spørsmål frå ulike delar av pensum Godkjend / ikkje godkjend.

Obligatoriske undervisningsaktivitetar er gyldige i to semester etter det semesteret dei vart godkjende, jf. hovudregelen.

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:

7 dagars heimeeksamen på 3-4000 ord. Referanseliste kjem i tillegg.

Den obligatoriske undervisingsaktviteten må vere bestått for å kunne levere heimeeksamen.

Karakterskala
Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er ikkje bestått.
Vurderingssemester
Haust. Der er òg vurdering tidleg i vårsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Programstyret for Bachelorprogram i kjønnsstudier har ansvaret for programmet og alle emna som inngår der.
Administrativt ansvarleg
Senter for kvinne- og kjønnsforsking (SKOK)