Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Innføring i kjønnsstudium med utvida arbeidskrav

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Høst

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

KVIK110 gir ei grunnleggjande innføring i sentrale omgrep i studiet av kjønn. Studentane øvas opp i å tenkje kritisk omkring kjønn gjennom arbeid med historiske og notidige tekstar av ulike genre, samt med kjønnsrepresentasjonar i sosiale, kulturelle, politiske og vitskapelige samband. Emnet introduserer studentane til tverrfagleg arbeid med kjønn og kjønna representasjonar innan ein rekkje fagdisiplinar. Emnet legg vekt på å øve studentane opp i sjølvstendig vitskapelig tenking og analyse, samt i kunne skrive akademiske tekstar med kjønnsproblematikk. Studentane skal og øvas opp i å søkje alternativ informasjon og kunnskap på eigen hand.

Læringsutbyte

 Ein kandidat som har teke eksamen i KVIK 110:

Kunnskapar:

  • kjenner til grunnleggjande omgrep i studiet av kjønn

Ferdigheter:

  • kan reflektere sjølvstendig over kjønna representasjonar i notidige og historiske tekstar, samt i sosiale, kulturelle, politiske og vitskapelige samband
  • kan drøfte relevansen av kjønnsperspektiv på andre fagområde og på aktuelle problemstillingar, samt reflektere kritisk over ulike former for kjønnsstudier

Generell kompetanse:

  • kan arbeide sjølvstendig med ei problemstilling og presentere resultat frå dette arbeidet i skriftlig, akademisk form

kan leite opp nødvendig informasjon og bakgrunnsmateriale til sjølvstendig arbeid med akademiske tekstar og problemstillingar

Krav til forkunnskapar

Ingen

Studiepoengsreduksjon

10 SP reduksjon med KVIK100 Innføring med kjønnstudium

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisinga vil bli gitt som førelesingar, normalt ein dobbeltime i veka over 12 veker, og seminar, normalt ein dobbeltime i veka over 6-10 veker.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

1. Det er obligatorisk oppmøte på seminara ( minst 75 % ).

2. Studenten skal levere litteraturliste, samt annotert bibliografi. Studenten skal leggje opp minst to verk i samband med semesteroppgåva, i tillegg til kjernepensum. Som eit verk tel til dømes ein monografi, eit litterært verk (roman, drama, diktsamling), ei essaysamling, eller eit utval teoretiske tekstar på om lag 100 sider.

3. Studenten skal levere eit skriftlig utkast til semesteroppgåve og få rettleiing på denne.

Vurderingsformer

Semesteroppgåve og skuleeksamen (2 timar). Oppgåva skal vere på 2500 ord, og over eit emne vald i samråd med emneansvarleg.
Semesteroppgåva vil telje 70 % og skuleeksamen 30 % for den endelege karakteren.

Karakterskala

Karakterskala A-F.

Litteraturliste

Pensum knytt til KVIK110 er sett saman av tekstar henta frå ulike fagområde som tek opp spørsmål knytt til kjønn og seksualitet. Kjernepensumet er på om lag 600 sider. Tekstane er på norsk og engelsk.

Emneevaluering

Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skoleeksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen. Eksamenslokale publiseres 14 dager før eksamen. Kandidatene finner sin egen romplassering på Studentweb 3 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Semesteroppgåve og skriftleg skoleeksamen

    Trekkfrist
    01.11.2019
    • Eksamensdel: Semesteroppgåve

      Innleveringsfrist
      06.12.2019, 13:00
      Eksamenssystem
      Inspera
      Digital eksamen
    • Eksamensdel: Skriftleg skoleeksamen

      Dato
      15.11.2019, 09:00
      Varigheit
      2 timer
      Eksamenssystem
      Inspera
      Digital eksamen