Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Nyare teoriar om kjønn og seksualitet

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor.

Undervisninga er også eit tilbod til mastergradsstudentar.

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

KVIK201 Nyere teorier om kjønn og seksualitet har ein klar teoretisk profil, der grunnlagsproblem, teoretiske retningar og aktuelle spørsmål i kvinne- og kjønnsforskinga står sentralt. Emnet gir ei brei innføring i dei viktigaste teoretikarane og teoretiske retningar i den moderne kjønnsteorien frå og med Freud og frametter, med vekt på ulike tilnærmingar til spørsmålet "Kva er kjønn" og på sentrale problemfelt i dagens kjønnsteori. Emnet gir og ein introduksjon til feministisk vitskapsteori.

Læringsutbyte

Ein kandidat som har teke eksamen i KVIK201:

Kunnskapar

Studenten ..

- har detaljert kunnskap om dei viktigaste aktørane og dei sentrale problemstillingane innanfor kjønnsteorien og kan setje dei inn i eit historisk, globalt og kritisk perspektiv

- har tileigna seg teoretiske begrep og forståingsmåtar som gjer det mogleg å reflektere kritisk over sentrale spørsmål i kjønnsteori

- har grunnleggjande innsikt i sentrale spørsmål i feministisk vitskapsteori

Ferdigheiter

Studenten ..

- kan diskutere forskjellar og likskapar mellom ulike teoretiske ståstader i kjønnsteorien

- kan reflektere kritisk over teoretiske problem som har med kjønn å gjere

- kan nytte innsikter frå feministisk vitskapsteori til å reflektere kritisk i høve til andre faglege samanhengar og i høve til kunnskapsproduksjon generelt

Generell kompetanse

Studenten ..

- kan drøfte teoretiske problem på ein kritisk måte

- kan formulere seg skriftlig over et teoretisk problem

- kan drøfte relevansen av teori i høve til vitskaplege, kunnskapsrelaterte og samfunnsmessige utfordringar

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Det er tilrådd med grunnleggjande kunnskapar i moderne samfunnsvitskapelig og/eller humanistisk teori, til dømes KVIK101 eller andre teoretiske emne på 100-nivå.

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.

Arbeids- og undervisningsformer

 Undervisninga vil bli gitt som førelesningar og seminar, normalt 3- 4 timar i veka over 12 veker.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Breiddetest

3 munnlege eller skriftlege framlegg av pensum i løpet av semesteret.

Vurderingsformer

Mappevurdering. Til mappa skal studenten levere to oppgåver (på mellom 2500 og 3000 ord kvar). Ei oppgåve skal vere med sjølvvalt tema, den andre om eit oppgitt emne.

Hjelpemiddel til eksamen

Ikkje relevant

Karakterskala

Karakterskala A-F.

Vurderingssemester

Haust. Der er òg vurdering tidleg i vårsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.

Litteraturliste

Pensum er på om lag 1000 sider og er satt saman av eit utval sentrale kjønnsteoretiske tekstar, tekstar frå feministisk vitskapsteori, samt tekstar om sentrale grunnlagsproblem i kjønnsteorien.

Emneevaluering

Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret for kjønnsstudium

Emneansvarleg

-

Administrativt ansvarleg

Senter for kvinne- og kjønnsforskning

Kontakt

Kontaktinformasjon

studieveileder@skok.uib.no

Eksamensinformasjon