Litteratur, kultur, kjønn

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet har som mål å gi ei kritisk og teoretisk innføring i engelskspråkleg litteratur, eller i eit kulturrelatert tema skrevet av forfattere av begge kjønn. Studenten får eit høve til å fordjupe seg i ei spesifikk problemstilling, knytt til pensumet. Teksttilfanget kan hentast frå anten ein nasjonallitterær tradisjon, ein periode, ein sjanger, eit forfattarskap eller ei litterær eller kulturell rørsle. Emnet vil fokusere på problemstillingar knytt til kjønn og kulturelle fenomen, eller på eit litterært, kulturrelatert eller interdisiplinært tema.

Studiet skal gi utvida kunnskap om litteratur og/eller kultur i engelskspråklege land, og øve opp ei kritisk og sjølvstendig forståing av problemstillingar som er knytte til studiet av litteratur og/eller kultur. Studiet skal òg gjera studentane gode i skriftleg og munnleg engelsk

Læringsutbyte

Ved fullført emne har studenten følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar Studenten

- har tileigna seg utvida kunnskap om dei trekka som kjenneteiknar den litteraturen og/eller kulturen studiet fokuserer på

- har ei kritisk og sjølvstendig forståing av problemstillingar som er knytte til studiet av litteratur og/eller kultur generelt

- skal kunne gjere greie for, diskutere og vurdere sentrale delar av den studerte faglitteraturen og det aktuelle tekstmaterialet ut frå eit kjønnsperspektiv

- skal kunne peike på sambandet mellom litterære og litteraturteoretiske tekstar og kulturelle fenomen

- skal kunne gjere greie for og problematisere grunnlaget for eit kjønna tolkingsmønster i ein fagtekst

- skal kunneskape eigne fagtekstar om kjønnsproblematikk med grunnlag i adekvate omgrep og metodar

Ferdigheiter Studenten

- er i stand til å reflektere kring dei teoretiske spørsmåla studiet reiser

Generell kompetanse Studenten

- kan uttrykkje seg akademisk korrekt på skriftleg og munnleg engelsk

Fulltid/deltid

Ikkje relevant.

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår

Det vil bli tilbydd undervisning i KVIK223 kvart tredje vårsemester: Vår 2019 Vår 2022 Vår 2025 osv.

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen formelle krav, men sjå tilrådde forkunnskapar.
Tilrådde forkunnskapar
Ein vil sterkt rå til at studentane i tillegg til generell studiekompetanse har studiespesialiserande programfag i engelsk frå vidaregåande skole med gode karakterar. For studentar med anna bakgrunn er det tilrådd med eit engelsknivå tilsvarande C1 i samsvar med the Common European Framework of Reference for Languages.
Studiepoengsreduksjon
På grunn av fagleg overlapp blir studiepoenguttellinga for KVIK223 redusert med 10 studiepoeng om det blir kombinert med KVIK203.
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer

Seminar: opp til 24 timar (normalt 2 timar i veka i 12 veker).

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart, og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Det er venta at studentane er til stades og tek aktivt del i undervisninga. Dette ligg også til grunn for førebuing til eksamen.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er obligatorisk å levere eitt utkast til semesteroppgåva og få rettleiing på dette.

Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og det påfølgjande semesteret.

Vurderingsformer
Rettleia semesteroppgåve. Semesteroppgåva skal ha eit omfang på 4000 ord (+/- 10%), litteraturliste og vedlegg ikkje medrekna. Ved eksamen i påfølgjande semester leverer studenten som har oppfylt krava om rettleiing i undervisningssemesteret den omarbeidde semesteroppgåva utan vidare rettleiing.
Karakterskala
Det blir nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Vår. Det er og eksamen tidleg i haustsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.
Litteraturliste

Pensumet kan omfatte litterære tekstar, sakprosatekstar og teoretiske tekstar.

Litteraturlista vil vere klar innan 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering
Emneevalueringar blir gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ikkje aktuelt.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Programstyret for engelsk
Administrativt ansvarleg
Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.