Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Litteratur, kjønn og kultur med bacheloroppgåve

  • Studiepoeng15
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeKVIK253
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk og engelsk 
  • Ressursar

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår dei semestera allmenn litteraturvitskap har ansvar for KVIK203 (2020, 2023, osb.)

Undervisningsstad

Bergen 

Mål og innhald

Emnet skal gje studenten fordjupande innsikt i forholdet mellom litteratur og litteraturteori, med vekt på kultur- og kjønnsproblematikkar. Emnet vil òg inkludere sjølvstendig arbeid med ei skriftleg oppgåve, bacheloroppgåva, der studenten vel eit fordjupingstema som vil variere, avhengig av om pensum har eit litterært eller eit teoretisk fokus. 

Læringsutbyte

Etter å ha studert dette emnet skal studentane kunne:

Kunnskapar:

  • gjere greie for, diskutere og vurdere kritisk sentrale delar av den studerte faglitteraturen og det aktuelle tekstmaterialet ut frå eit kjønnsperspektiv

Ferdigheter:

  • identifisere kjønna tolkingsmønster i ein fagtekst
  • skape eigne fagtekstar med grunnlag i adekvate omgrep og metodar

Generell kompetanse:

  • analysere og problematisere tekstar

frå et kjønnsperspektiv og reflektere over sambandet mellom litterære og litteraturteoretiske tekstar og kulturelle fenomen

  • produsere ein sjølvstendig fagtekst i form av ei semesteropppgåve

Krav til forkunnskapar

Ingen 

Tilrådde forkunnskapar

Ein rår til at studentane har fullført førstesemesterstudiet. Dei bør òg ha fullført emne i språk/litteratur på 100-nivå. 

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen. 

Arbeids- og undervisningsformer

Seminarundervisning.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt, vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er obligatorisk å møte til minimum to rettleiingar.

Tema for bacheloroppgåva skal fastsetjast i samråd med faglærar. 

Vurderingsformer

 Eksamen består av to deler som kvar tel 50 % av endeleg karakter:

  • Bacheloroppgåve på 12-15 maskinskrivne sider (ca. 3500-5000 ord).
  • Munnleg eksamen der det blir eksaminert både i bacheloroppgåva og i resten av pensumet.

Kandidatane må greie begge eksamensdelane i same semester.

Hjelpemiddel til eksamen

Ikkje aktuelt

Karakterskala

Karakterskala A¿F. 

Vurderingssemester

Vår. Det er òg vurdering tidleg i haustsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske undervisningsaktivitetar.

Litteraturliste

Pensum omfattar både litterære og teoretiske tekstar, men vil òg innehalde sekundærlitteratur. Omfanget av pensum vil normalt omfatte 6¿8 verk (eller ca. 1000 vekta sider), avhengig av vanskegrad. I dei tilfella der KVIK253 inngår som litterært emne på allmenn litteraturvitskap, vil pensum vere 6 litterære og 2 teoretiske verk, medan det vil vere 6 teoretiske verk og 2 litterære verk om studenten tar emnet som teoretisk emne. Pensumliste skal leverast innan fastsett dato og må godkjennast av faglærar.

Emneevaluering

Evaluering vert gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem. 

Programansvarleg

Programstyret for kjønnsstudiar

Emneansvarleg

Fagmiljø for litteraturvitskap

Administrativt ansvarleg

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studiar

Institutt

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studiar

Kontakt

Kontaktinformasjon

studierettleiar@lle.uib.no