Hjem
Etter- og videreutdanning
Etter- og videreutdanning

Likestilling, inkludering og mangfald

Beskrivelse

Emnet Likestilling, inkludering og mangfald handlar om likestillings- og mangfaldsutfordringar i det norske samfunnet, med vekt på utfordringar knytt til velferdsstaten og arbeidslivet. Emnet skal gje både teoretisk, analytisk og praktisk innsikt i likestillings- og mangfaldsfeltet.

Undervisninga tek utgangspunkt i anten nyare likestillingshistorie, eller i praktiske døme henta frå norsk mediedebatt, regjeringas styringsdokument og handlingsplanar for likestilling. Ein undersøker eksempla i lys av kjønnsteoretiske perspektiv og omgrep, som blant anna statsfeminisme, interseksjonalitet, postkolonialitet og skeiv teori. Emnet gjer difor grundig greie for desse omgrepa og perspektiva og peikar på korleis teori og forskingsbasert kunnskap kan nyttast som utgangspunkt for analytisk refleksjon i likestillings- og mangfaldskvardagen.

Studentane skal tileigne seg konkrete kunnskapar om nyare likestillingshistorie, mellom anna om korleis lov og rett knytt til likestillings-inkludering og mangfaldsfeltet har endra seg frå omkring 1970 til i dag. Dei skal òg få innsikt i utviklinga av det offentlege likestillingsappratet og statsfeminismen.

Studentane skal få eit overblikk over teoretiske omgrep og analytiske tilnærmingar som står sentralt i kjønnsforskinga og i den generelle forskinga om likestilling, inkludering og mangfald.

Studentane skal trenast i analytiske ferdigheiter som kjem til nytte i yrkesliv, organisasjonsliv og i vidare studiar.

Undervisning

Undervisninga er nettbasert med seminarundervisning kvar veke over ein periode på åtte veker. Det er to studiesamlingar i Bergen i løpet av semsteret, ei ved studiestart og ei midtveis i semesteret. Begge samlingane går over to dagar.

Desse samlingane er ikkje obligatoriske, men vi tilrår sterkt at studentane tek del her.

Den nettbaserte undervisninga inkluderer mellom anna pod-cast og video-førelesingar. Vidare kommunikasjon med studentane skjer via læringsplattforma Mitt UiB, i form av diskusjonsgrupper, kunngjeringar etc, samt via e-post.

Undervisningsspråket er i hovudsak norsk, unntaksvis også på engelsk.

Obligatorisk undervisningsaktivitet:

Breiddetest som vert gjennomført digitalt, som vert vurdert til bestått/ikkje. Du må ha bestått denne testen for å kunne levere den avsluttande semesteroppgåva.

Vurdering / eksamen

Vurderinga på emnet består av innlevering av semesteroppgåve på 4-5000 ord, pluss referanseliste.

Oppgåveteksten til semesteroppgåva vert presentert når første samlinga er gjennomført. Det vil bli gitt to oppgåver å velje mellom. I arbeidet med oppgåva må studentane ta utgangspunkt i pensum og dessutan i minst eit praktisk døme som ein sjølv har funne fram til, enten ei historisk hending, medie-debattar eller handlingsplanar eller anna materiale produsert på ein arbeidsplass.

Studentane får tilbod om å leggje fram idéutkast, disposisjon eller førsteutkast av oppgåva si i den andre fellessamlinga. Presentasjonar skjer i mindre grupper og med person frå lærarstaben til stades. Semesteroppgåva skal leverast mot slutten av semesteret.

Den obligatoriske undervisningsaktivitet må vere bestått for å kunne levere heimeeksamen.

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er ikkje bestått.

Opptaks- og forkunnskapskrav

Søkjarar over 25 år vert tekne opp på grunnlag av realkompetanse eller generell studiekompetanse, som ein ikkje treng dokumentere. Søkjarar under 25 år må dokumentere generell studiekompetanse.

Du lastar opp eventuell naudsynt dokumentasjon undervegs i søknadsprosessen.

Kontakt

Kontakt

Spørsmål om søknad og opptak:

UiB Videre

55 58 20 40

videre@uib.no

Spørsmål om fagleg innhald:

Senter for kvinne- og kjønnsforskning (SKOK)

55 58 27 05

studierettleiar@skok.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Heimeeksamen

    Oppgave utleveres
    21.11.2019, 13:00
    Innleveringsfrist
    28.11.2019, 13:00
    Trekkfrist
    07.11.2019
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen

Tilgjengelege kurs

Haust 2019
Pris: NOK 10000
Søknadsfrist: Frist utløpt