Hjem
Utdanning
Masteremne

Kurs i forsøksdyrlære, spesialdel pattedyr

  • Studiepoeng4
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeLAS302
  • Talet på semester1
  • SpråkEngelsk
  • Ressursar

Studienivå (studiesyklus)

Master, PhD, eller en kombinasjon

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen/ UiB

Mål og innhald

Studentane skal tileigne seg kunnskap om forsøksdyrfaget og demonstrere at de kan anvende kunnskap i en ny samanheng til dømes når de skal planlegge sine egne forsøk eller gi en vurdering/innspel konkrete planer om dyreforsøk. De skal tileigne seg kunnskapar som er nødvendige og nyttige når de skal utføre dyreforsøk i praksis eller vurderer føreslåtte praktiske løysningar. Studentane skal settas i stand til kritisk å vurdere etablert praksis i lys av ny kunnskap om alternative måtar å utføre forsøk med dyr på. Dette omfattar både metodar som reduserer belastning på dyra (refinement/raffinering), tiltak som for bedrar vilkåra for dyra (raffinering/enrichment), planlegging og design av forsøk slik at kunnskapsutbytte optimaliseras ved bruk av færrast mulig dyr (reduksjon) og at alternative til bruk av dyr nyttast der det er tilgjengeleg (erstatning).

Emnet skal dekke den artsspesifikke delen av Mattilsynets og EU-direktivets (2010/63) krav til obligatorisk teoretisk opplæring av personar som skal utføre prosedyrar på dyr (funksjon A) eller planlegge/designe forsøk med dyr (funksjon B) i forsøksdyrlære.

Emnet vil fokusere på tradisjonelle laboratoriedyr som gnagarar og gris. Andre arter vert dekka i avgrensa grad.

Målet ved kurs i forsøksdyrlære er å gi studentane ei innføring i sentrale emne i faget og sette dei i stand til å anvende kunnskap når dei sjølv skal gjøre forsøk med dyr.

Generelle tema er dekka i LAS301.

  • Forsøksdyrlære er ein tverrfagleg disiplin som skal fremme human bruk av dyr i forsking og bidra til innsamling av pålitelege og reproduserbare data
  • Forsøksdyrlære omfattar lovverk og etiske retningsliner, faktorar ved dyret sjølv og eksterne faktorar som påverkar resultat, litteratursøk, planlegging og design av dyreforsøk, samarbeid og samhandling mellom aktørar involvert i dyreforsøk.

I LAS302 blir følgjande tema dekka:

  • Grunnleggande biologiske behov og åtferd hos de aktuelle artane
  • Reproduksjon og genmodifiserte dyr
  • Helsekvalitetar og helseovervåkingsprogram
  • Diett og ernæring
  • Miljøbetingelsar
  • Anestesi og smertebehandling
  • Aseptikk og kirurgiske teknikkar
  •  

Personar som skal utføre prosedyrar på dyr (funksjon A) vil ved Universitetet i Bergen gå gjennom same teoretiske pensum som funksjon B, og i tillegg må dei kunne demonstrere at dei beherskar prosedyrar før dei kan begynne å jobbe sjølvstendig med dyr. Praktisk opplæring må tilpassast den behova til den einskilde og inngår difor ikkje i LAS302.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar:

For gnagar og gris skal studenten kunne beskrive:

  • Grunnleggande fysiologi, reproduksjon og åtferd
  • Dietiske krav, korleis praktisk gje fôr og vann til dyr og korleis fôr og vann bør forbedrast og lagrast
  • Kjenne att karakteristiske trekk ved ulike linjer og stammar og korleis desse kan virke inn på dyrevelferd og forsking
  • Når det er relevant beskrive korleis endringar i genomet påverkar fenotype
  • Passande rutinar for hold av dei aktuelle artane, deriblant miljø og oppstallingshøve
  • Korleis døgn og fotoperiode kan innverke på forsøk
  • Biologiske konsekvensar av akklimatisering, habituering og trening
  • Korleis dyreavdelinga er organisert med tanke på dyrehelse og venskaplege prosedyrar
  • Eit avlsprogram
  • Korleis genmodisifserte dyr kan være nyttige i forsking og betydinga av god monitorering av slike dyr

Generell kunnskap: Dette kurset fokuserer på pattedyr og gris. Kunnskap om forhold ved og rundt dyr i forsking har overføringsverdi til andre dyrearter.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Grunnleggande kunnskapar i anatomi og fysiologi.

Det er ein føremon at studentane har gjennomgått LAS301

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med ein studierett (masterprogram) ved Det Medisinske fakultet, Det Matematisk-naturvitskapelege fakultet og Det Psykologiske fakultet

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

  • Lese pensum (ca. 220 sider)
  • Tradisjonelle førelesningar
  • E-førelesingar
  • Demonstrasjonar

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Oppmøte på førelesingane

Vurderingsformer

1 time digital fleirvalseksamen (multiple choice)

Karakterskala

Bestått/ikkje bestått

Litteraturliste

Vert oppdatert kontinuerleg - eksempelvis tekniske eller statistiske verktøy.

Emneevaluering

Emnet vert evaluert i samsvar med UiBs handbok for kvalitetssikring av studium.

Kontakt