Latin: Prosa og grammatikk I
- Studiepoeng15
- UndervisingssemesterVår
- EmnekodeLAT102
- Talet på semester1
- SpråkNorsk
- Ressursar
Hovedinnhold
Studiepoeng, omfang
15
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor
Undervisningssemester
Undervisninga blir gitt i første halvdel av vårsemesteret (på heiltid)
Undervisningsstad
Bergen
Mål og innhald
Mål: Emnet gjer auka kunnskap i latin med vekt på sikker meistring av elementa i formlæra og av det sentrale ordtilfanget, men også auka kunnskap om syntaks.
Innhald: Lesing av normaliserte og lettare originaltekst frå antikken og seinare tid. Det er førelesningar om syntaks, formlære, og tekstens historiske bakgrunn.
Læringsutbyte
Kunnskapar
Kandidaten har auka kjennskap til latinsk språk og grammatikk.
Ferdigheiter
Kandidaten kan
- lese latinske tekstar på eiga hand med bruk av ordbok
- identifisere former og analysere setningar på latin ved hjelp av grammatikk.
- omsetje enkle norske setningar til latin.
Generell kompetanse
Kandidaten kan
- setje seg inn i den grammatiske strukturen i eit nytt språk
- arbeide med tekstar på andre språk ved hjelp av grammatikk, ordbok, tekstkommentar o.l.
Krav til forkunnskapar
Ingen.
Tilrådde forkunnskapar
Ein rår til at studentane har kunnskapsnivå tilsvarande latin frå vidaregåande skule eller LAT100.
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.
Denne eksamenen er open for personar utan studierett, etter søknad til Det humanistiske fakultet. Se UHL §3-10.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga blir gitt i form av førelesingar (over delar av pensumtekstane) og øvingar (i praktisk språkmeistring, m.a. gjennom omsetjing til latin, og i bruk av ordbok).
Omlag 48 timar, tre gonger i veka første halvdel av semesteret.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ingen.
Vurderingsformer
Eksamen består av ei skriftleg prøve på 6 timar, der kandidaten skal omsetje ein pensumtekst frå latin med ordbok, svare på grammatiske spørsmål og omsetje enkle setningar frå norsk til latin.
Våren 2021 blir skriftlig eksamen gjennomført på campus som normalt viss mogleg. Om det ikkje er mogleg med eksamen på campus, blir vurderingsforma: Digital munnleg eksamen.
Hjelpemiddel til eksamen
Ordbok. Ordboka skal vere frå latin til morsmål eller frå latin til anna valfritt språk og skal ikkje innehalde bøyingsmønster: Johanssen, Nygaard etc., Latinsk ordbok eller ordbok av tilsvarande storleik.
Karakterskala
Karakterskala A-F.
Vurderingssemester
Haust og vår
Litteraturliste
Pensum er på til saman omlag 40 sider latinsk originaltekst.
Dessutan inngår hovuddraga av formlære og syntaks, samt delar av ei framstelling av den latinske litteraturhistoria.
Emneevaluering
Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Programstyret for klassiske fag
Emneansvarleg
Fagmiljøet i klassiske fag
Administrativt ansvarleg
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
Kontakt
Eksamensinformasjon
Vurderingsordning: Munnleg eksamen
- Dato
- 24.03.2021
- Trekkfrist
- 10.03.2021